Bergsjørennet palmesundag

Postet av Liatoppen Skisenter den 8. Apr 2017


Bergsjørennet vart arrangert palmesundag med start og mål på Liatoppen i staden for den tradisjonelle traseen frå Bergsjøstølen til Liatoppen. For å få til renn, nytta arrangøren Ål IL, 5 kilometeren i lysløypa. Trass i lite snø deltok 48 deltakarar i rennet. Det var storfint besøk på plass då den latviske skiskyttaren Andrejs Rastorgujevs stilte til start i sitt Torpobesøk. Han avslutta nyleg World Cupsesongen i Holmenkollen med 2. plass på fellesstarten. Ikkje overraskande hadde han dagens beste tid på Liatoppen der konkurranseklassane gjekk 6x5 km.

Resultatliste: Bergsjørennet 2017




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.