Klart for NM-helg på Liatoppen

Postet av NM Skiskyting 2019 den 4. Jan 2019

Liatoppen skisenter ynskjer deltakarar, medhjelparar, tilskodararar, frivillige og alle andre velkomen til NM-helg frå fredag til sundag. Fredag morgon er det utfordrande vindforhold, men viss vermeldinga slår til, skal det løye utover dagen. Laurdag og sundag, når seniorane skal gå, ser det betydeleg betre ut.


Rydding i målområdet etter ei vindfull natt

Til tross for mildver og mykje vind dei siste dagane, er det bra med snø, og løypene held seg veldig godt. Alt er difor under kontroll eit par timar før det brakar laus.


Stadion er rigga


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.