Ny tråkkemaskin til skisenteret

Postet av Liatoppen Skisenter den 31. Mar 2007

Nyleg vart ny tråkkemaskin levert til Liatoppen skisenter. Den gamle maskina hadde vore i drift sidan 2000 og for å kunne ha ei stabil drifting av løypenettet er det naudsynt med utskifting til nyare materiell.

Kåre Hagen framom den nye maskina.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Den nye tråkkemaskina er av same type som den gamle, Kässbohrer PistenBully 100. Hovudforskjellen er ei arbeidsbreidde på 3,1 m mot 2,8 m på den gamle. Motoren er noko større og har 177 hk. Frontskjæret kan regulerast i 12 retningar. Ei finesse på den nye maskina er innlagt varme i vinduspusserane, noko som vil betre sikten i vanskelege værtilhøve. Prisen for vidunderet er kr 1.225.000, og er i hovudsak finansiert over drifta av anlegget. Den gamle maskina hadde ein innbyttepris på kr 600.000. Løypekøyrarane Kåre Hagen og Svein Åsmund Tveito ser nok fram til mange flotte dagar bak spakane i vidunderet, og me som er glade i gå på ski, kan glede oss over fine skiløyper komande vintrar.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.