Sindre Pettersen kongepokalvinnar

Postet av NM Skiskyting 2019 den 29. Mar 2019

Sindre Pettersen vann kongepokalen for menn 31 sek framfor Tarjei Bø og 1:17 framfor Erlend Bjøntegård. Johannes Thingnes Bø og Lars Helge Birkeland blei 4 og 5. Imponerande innsats av ungguten som slo alle VM-deltakarane. Gratulerer så mykje.

Guta fekk mykje betre forhold enn jentene tidlegare i dag, og det tre på pallen fekk til saman 7 bom, ein bom meir enn vinnaren i dameklassa fekk aleine. 

                            Gratulerer med kongepokal, Sindre.

Sindre Pettersen saman med fansen.

Tarjei Bø i overkant ivrig på veg ut frå 2.skyting. Han tapte ikkje 31 sek på fallet, men tok allikevel ein flott 2.plass

Frå venstre: Tarjei Bø, Sindre Pettersen og Erlend Bjøntegaard.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.