Liatoppen Skisenter ligg 950 meter over havet. Det er dei fire idrettslaga i Ål kommune med ski på programmet som eig anlegget. Fjellet idrettslag, Torpo idrettslag, Ål idrettslag og Ål Skiskyttarlag har i fellesskap lagt ned ein kjempeinnsats for å få til eit moderne skianlegg til langrenn og skiskyting. Kommunen har også vist stor velvilje for å få anlegget ferdig.







Ole Einar Bjørndalen (på kne) og Frode Andresen har hatt mange duellar på Liatoppen.




Løypenettet på Liatoppen er einaste anlegget i Hallingdal som er sertifisert etter internasjonale krav. Lysløypenettet på ni kilometer er knytt saman med eit omfattande turløypenett i området. Det blir nytta både på kvelds- og dagtid av aktive skiløparar, turistar og ikkje minst som rekreasjonsområde for bygdafolket. Standplassen har 32 kombiskiver.

Snøen kjem tidleg på Liatoppen, og snøforholda er svært sikre. Difor er det mange klubbar, kretsar og regionlag som har haustsamlingar på Liatoppen.


NM fellesstart menn 2000. Frode Andresen drog NM-feltet i starten underfellesstart-NM 2000 med Ole Einar Bjørndalenpå hjul. Men Halvard Hanevold vann.







Det var skiskyttaren Hans Jørgen Tveito som i 1986 stikka dei fyrste løypene i området. Dessverre omkom han i ei tragisk ulykke to år seinare samstundes som han banka på landslagsdøra. Men frøet var sådd, og arbeidet med skianlegget gjekk vidare.

Liatoppen Skisenter har vore redningsplanken for mange rennarrangørar i snøfattige vintrar. I desember 2006 vart Ringkollstafetten flytta hit frå Ringkollen, og i januar 2007 vart Kvalfossprinten flytta hit frå Holmenkollen.


Junior-NM i skiskyting i 1993 var fyrste storarrangementet på Liatoppen. Seinare har det vore norske meisterskap i skiskyting, europacuprenn i skiskyting og norgescuprenn i langrenn og skiskyting både for junior og senior.





Linda Tjørhom slo Gunn Margit Andreassen i
spurten og tok sin fyrste NM-tittel på Liatoppen i 2000.











Halvard Hanevold jublar for NM-gullet i 2000.








I april 2000 vart det for fyrste gong kåra NM-vinnarar for senior på Liatoppen. NM skiskyting fellesstart for menn og kvinner var innlagt i Liatoppsprinten ettersom det var for få konkurransedagar i Meråker. Linda Tjørhom og Halvard Hanevold vann. I 2001 gjekk NM skiskyting i anlegget, og 10 NM-vinnarar vart kåra over ei heil veke.

I desember 2005 var det norgescuprenn i skiskyting for junior og senior på Liatoppen. I 2008 var Ål skiskyttarlag arrangør av junior-NM i skiskyting. Det vart eit nytt flott arrangement på Liatoppen.

I januar 2010 sto norgescup (Vital cup og Statkraft junior cup) på programmet og 7.-9. januar 2011 vart det arrangert norgescup (Spar cup) i langrenn for juniorar. I tillegg har Liatoppsprinten (Bendit Liatoppen Skiskytterfestival) samla fleire og fleire løparar til sesongavslutning kvart år sidan 1987. No er deltakartalet nådd - 1000 løparar får plass kvart år.














Frå NM fellesstart 2001

Hausten 2006 vart skisenteret på nytt bygd om. Denne gongen vart skytebanen utvida frå 22 til 30 skiver. For å få dette til, var det naudsynt å sprenge seg inn i haugen der skytebanen var plassert frå før. Alt i alt vart det sprengt og teke ut 10 000 kbm masse av entreprenør Oddvar Øygard AS.

Hausten 2009 var speakeranlegget gjennom ei "renovering". Fleire høgtalarar plassert ute i arenaen gir bedre lyddekning i heile området.



Skytebanen klar til bruk etter utbygginga i 2006


Siste tilvekst i anlegget er eit skileikområde som vert teke i bruk denne vinteren. Området er rydda og no ventar me berre på snøen,så vert det aktivitetar for alle aldrar.