Elektroniske skiver på Liatoppen
Postet av NM Skiskyting 2019 den 4. Nov 2018
For å ha direkte TV-overføringar i skiskyting er det eit krav med elektroniske skiver.
Det finske selskapet Kurvinen Biathlon Target System produserer og leverer elektroniske skiver over heile verda. På seinhausten var direktør Marko Kurvinen på Liatoppen og kopla dei manuelle opptrekkskivene om til eit avansert elektronisk system. Kongsberg Targetsystems, som den utflytte ålingen Ole Rabbevåg står bak, er samarbeidspartnar for det finske selskapet i Norge
Dei elektroniske skivene blir permanent og kan koplast til tidtakarsystemet. Dermed er tida med snoropptrekking over på Liatoppen. Heretter kan ein trykke på knappar på standplassen når skivene skal nullast ut. Skivene kan også stillast på automatisk opptrekk.
Det er Liatoppen Skisenter som tek investeringa. Prisen for 30 elektroniske skiver er 1,8 millionar kroner og blir finansiert med ei tredeling mellom spelemidlar, kommunalt tilskot og eigenfinansiering.
Ål kommune har betalt sin tredel og forskotterer skisenteret sin del av spelemidlane.
Kommunen har også gitt NM-arrangøren eit tilskot på 250.000 kroner.
F.v. Svend Korbu i Kongsberg Targetsystems, standplassjef Eilev Sørbøen (bak skiva), direktør Marko Kurvinen i det finske produsentfirmaet Kurvinen Biathlon, og Steinar Larsen og Kåre Hagen i arrangørstaben under installeringa.
Direktør Marko Kurvinen i det finske produsentfirmaet Kurvinen Biathlon og Svend Korbu i Kongsberg Targetsystems var på Liatoppen og hjelper til med med installeringa.
NM-sjefar: Leiar i organisasjonskomiteen, Tore Bøygard, og rennleiar Svein T. Furuhaug.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra NM Skiskyting 2019

Flotte forhold før start på stafettene i dag
31.03.2019

Skiskyttarane blei hedra på banketten
31.03.2019
Startliste for stafettene er klar
30.03.2019
Referat frå leiarmøte sundag
30.03.2019