Sparebank 1 cup skiskyting 2022

Postet av Liatoppen Skisenter den 7. Feb 2022

Ål skiskyttarlag og Drammen Strong arrangerte SpareBank 1 Cup i skiskyting 19. og 20. mars på Liatoppen. På laurdagen var det avslutning av dei individuelle øvingane for sesongen med samanlagtpremiering. Sundagen var det KM i stafett for klassane 13 år og eldre. Helga var ei "oppvarming" for både løparar og arrangør til Liatoppen skiskytterfestival om to veker.


Resultatlister: 

Sprint laurdag 19.3.22                         Liveresultat
Normal sundag 20.3.22
Stafett sundag 20.3.22



Sparebank1-renn på Liatoppen 20.-21.MARS 2021

Postet av Liatoppen Skisenter den 2. Mar 2021

Ål skiskytterlag, Bødalen IF og Drammen Strong har gleden av å innby til SpareBank1-renn 20. og 21. mars 2021

Sted: Liatoppen, Ål
Parkering: Kr 60,- på Liatoppen. Betal med Vipps 508492.
Program LØRDAG: KM sprint for 13 til 16 år. Sprint for 17-19 år og 12 år og yngre.

SØNDAG: Normal, kortnormal 17-19 år.

Sjekk hjemmesiden til Ål SSL for mer informasjon

Ål Skiskyttarlag



Ribberennet 2018

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Des 2018

Pål Golberg, Gol IL

Årets Ribberenn er historie. 311 deltakarar i alderen frå 8 år til godt vaksen gjennomførte rennet på Liatoppen. Mange gode prestasjonar i alle aldersklassar, men det var golingar som var dei raskaste av begge kjønn, Emilie Fleten av kvinnene og Pål Golberg av mennene. 


Her er resultatlista:

181228 Resultatliste Ribberennet 2018.pdf



Bergsjørennet 20. mars

Postet av Liatoppen Skisenter den 15. Mar 2016

Det 32 km lange turrennet frå Bergsjøstølen til Liatoppen vart arrangert av ÅL IL 20. mars. Rennet har kome litt i skuggen av Hallingspretten som Ål IL med fleire arrangerte laurdag. Det er er flott at klubben likevel klarar å arrangere to renn på ei helg. Konkurransklassane gjekk i fristil. Til start stilte 42 trimmarar og 36 i turklassen, så det er god plass til fleire.

Rennet går i flott fjellterreng. Deltakarane fekk i år utruleg raske tilhøve. Både faste løyper og god medvind gjorde at tidlegare løyperekordar vart knust. Dagens raskaste i herreklassen vart Erik Bråten, Kjelsås IL med ny løyperekord på 1.10.43. Han var to minutt før nestemann som var gårsdagens vinnar av Hallingspretten, Kjetil Andre Bjerkrheim. I dameklassa vart Vilde Hagen Friis, Ål IL raskast med tida 1.31.18. Dette er også løyperekord for damene.


Resultatliste Bergsjørennet 2016




Klubbmesterskap Ål IL

Postet av Liatoppen Skisenter den 26. Jul 2015

Torsdag 19. mars arrangerte Ål IL - langrenn sitt klubbmesterskap i klassisk stil. Skarpt føre møtte dei 40 deltakarane som stilte til start.

Resultatliste: 150319 Klubbmesterskap Ål IL 2015.pdf