Resultat frå Ringkollstafetten
Postet av Liatoppen Skisenter den 30. Des 2006
Ribberennet 26. desember
Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Des 2006
Torpo IL gjennomførte årets Ribberenn på Liatoppen 2. juledag.
Det vart ein vellykka skidag med fin temperatur, godt føre og fine løyper trass i alt mildveret i julehelga. Fullstendig resultatliste finn du her: Ribberennet 26.12.06
Arenaplanar
Postet av Liatoppen Skisenter den 21. Des 2006
Her er ulike arenakart:
Arenakart sprint (pdf)
Arenakart normal (jpg)
Arenakart sprint/jaktstart/stafett (jpg)
Arenaplan i større format finn du her.
Skirenn på Liatoppen i jule- og nyttårshelga
Postet av Liatoppen Skisenter den 21. Des 2006
Det går mot ei aktiv julehelg på Liatoppen med mange arrangement. 2. juledag arrangerer Torpo IL sitt tradisjonsrike Ribberenn. Rennet er opent for alle klassar frå 8 år og oppover. Meir informasjon om rennet og påmelding finn du her.
Laurdag 30. desember går Ringkollstafetten av stabelen på Liatoppen. Ringkollen Skiklubb på Hønefoss har flytta denne populære stafetten frå Ringkollen til Liatoppen på grunn av snømangel. Det er klassar frå 8 år og oppover til senior. Meir informasjon om stafetten og påmelding finn du her.
Resultat frå Golrenntet på Liatoppen 3. desember
Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Des 2006
Bromma-sprinten på Liatoppen 16. desember
Postet av Liatoppen Skisenter den 11. Des 2006
Brommasprinten 2006 vart arrangert på Liatoppen i dag under flotte vinterforhold. Nokre få kuldegrader og vekslande vær med sokskinn og lett snøvær ga ei fin ramme til rennet. Løparar frå heile Buskerud kunne konkurrere i godt preparerte løyper. Her er resultatlista: Brommasprinten 16.12.06
Klubbar som har treningssamling på Liatoppen
Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Nov 2006
Nittedal skiskytterlag | 25.-26. november |
Jardar idrettslag | 2.-3. desember |
Voss skigymnas | 3.-8. desember |
Oseberg skilag | 7.-10. desember |
Ål ski | 16.-17. desember |
Skiskyttarstadion er klar til bruk
Postet av Liatoppen Skisenter den 15. Nov 2006
Dagen mange unge skiskyttarar hadde sett fram til var kome. Dei kunne endeleg gjennomføre ei skikkeleg kombinasjonsøykt i det nye anlegget. Den nye skytebanen er romsleg i høve til den gamle. Pr. i dag manglar litt skilting på standplass til at banen er 100% ferdig, men dette vil vere på plass om kort tid.
Det er flotte forhold i løypene og bra med snø. Ver litt forsiktig med å bruke dei beste skia ved standplass då det kan vere litt småstein i løypene der det nyleg er arbeidd.
Utbygginga ligg før tidsskjema
Postet av Liatoppen Skisenter den 5. Nov 2006
Utvidinga til 30 skiver har gjort at den nye skytebanen blir over 90 meter brei og er flytta ca 15 meter vestover. Prislappen på utbygginga er i underkant av 3 mill. kroner. I løpet av 2 hektiske haustmånader er det sprengt ut og knust 9400 kubikkmeter masse.
Den nye skytebanen tek form (Foto: Hege Fjørtoft Bjørnstad). |
Prosjektet hadde ikkje vore gjennomførbart til denne prisen utan avtala med Oddvar Øygard AS som går ut på eit arbeidsbyte. Entreprenøren har gjort alt maskinarbeid mot delvis betaling i form av steinmassen på området som er knust og som blir lagra i nærleiken til seinare bruk.
I tillegg til alt maskinarbeidet er det lagt ned ein stor dugnadsinnsats frå skisenteret sine eigarlag (Fjellet IL, Torpo IL, Ål IL og Ål skiskytterlag), og ein gjeng med spreke pensjonistar som har vore i sving på dagtid, kveldstid og i helgane.
Anleggsleiar Kjell-Arild Baklien i Oddvar Øygard AS til venstre og leiar av Liatoppen Skisenter Kåre Hagen (Foto: Hege Fjørtoft Bjørnstad). |
Gode skiforhold på Liatoppen
Postet av Liatoppen Skisenter den 5. Nov 2006
Ål ski hadde si første organiserte trening på Liatoppen for vinteren torsdag 2. november. Løparane vart møtt av nypreparerte løyper og flott vintervær.
Mange har nytta høve til å prøve skia denne første novemberhelga. Sidan det er lite frost i bakken er det enkelte parti i løypa som er blaute. Men med litt varsemd er ikkje dette noko problom.
Utbygginga på Liatoppen er i gang!
Postet av Liatoppen Skisenter den 12. Sep 2006
Utbygging av skytebanen til 30 skiver er i full gang. I tillegg blir vegen frå Liagardsvegen og inn til Liatoppen rusta opp. Arbeidet er planlagt fullført til 1. desember.
Stor utbygging på Liatoppen |
Arbeidet som no er i gang har vore planlagt i fleire år, og er eit stort løft for eigarlaga og skisenteret. Ål skiskyttarlag er tildelt Junior-NM i skiskyting i 2008 og opprustinga er ein viktig del av førebuingane til arrangementet. I tillegg har deltakartalet på Liatoppsprinten auka for kvart år og er no så høgt at fleire skiver er etterspurt.
Mykje masse skal flyttast og mykje fjell skal sprengast bort. Sjølve standplassen blir flytta innover mot tidlegare skyteskiver. Inngåande løype vil no koma bak eksisterande reiskapshus. Skytebanen blir nesten dobbelt så brei som tidlegare, 96 m, og avstanden mellom skivene blir auka frå 2,5 m til 2,9 m. Grave- og sprengingsarbeid blir utført av entreprenør Oddvar Øygard AS.
I tillegg blir det lagt ned ein betydeleg dugnadsinnsats frå eigarlaga som har faste dugnadskveldar heile hausten.
Utgraving av tidlegare standplass |
Utbygginga er kalkulert til omlag 3 mill. kroner. Finansieringa vil vere 1/3 i tippemiddelanlegg, 1/3 i kommunalt tilskot og 1/3 frå eigarlaga. Anlegget fekk ikkje tildelt tippemidlar i 2006, så kommunen har forskottert ein samla sum på kr 927.000 for 2006 og 2007 slik at arbeidet kunne starte i år.
Det nye anlegget vil få sin elddåp under Liatoppsprinten i april 2007.
Standplassen skal flyttast innover i terrenget |
Den nye skytebanen tek form |
Her skal mykje sprengingsarbeid gjennomførast |
Liatoppsprinten 2006
Postet av Liatoppen Skisenter den 24. Apr 2006
Arrangørklubben sine skjørtejenter |
Resultat frå konkurransane finn du her:
Liatoppsprinten 2006 - sprint laurdag
Liatoppsprinten 2006 - sprint søndag
Liatoppsprinten 2006 - jaktstart søndag
Fleire bilete frå arrangementet:
Full aktivitet på arenaen. |
Rekruttane tek ut alt! |
Innspurt |
Tvekamp |
Premieutdeling i Ål kulturhus |
Utdeling frå Gildefondet |
Liatoppsprinten 22. og 23. april
Postet av Liatoppen Skisenter den 20. Apr 2006
I løpet av kvelden skal alt vere rigga og klart for storinnrykket til helga. Laurdag er det 683 påmeldte, og omlag det same på sundag.
Værutsiktene framover finn du ved å trykke på værmelding i venstremenyen. I dag seier den at me får lettskya vær både laurdag og sundag, temperatur 5 grader på dagtid og sørleg til vestleg bris.
Bergsjørennet 26. mars
Postet av Liatoppen Skisenter den 26. Mar 2006
Ål-rennet 25. mars
Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Mar 2006
Ein flott skidag på Liatoppen i strålande solskinn der deltakarar og foreldre kosa seg i vårsola.
Resultatlista frå rennet finn du her: Ål-rennet 2006
Børre Næss på start
Børre Næss frå Efteløt stakk av garde med seieren i rennet og i Bjørn Myhre-cupen samanlagt. Fossum stilte med ikkje mindre enn 14 jenter i klasse jenter 12 år. Imponerande! Dei hadde lagt sesongavslutninga til Liatoppen kombinert med hyttetur til Hemsedal.
Jentegjengen frå Fossum samla før start. |
Unge jenter i skisporet |
Show-rennet 24. mars
Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Mar 2006
Torpo IL hadde ein travel kveld under showrennet fredag. Stor deltaking og problem med tidtakinga gjorde sitt til at det tok ei tid før ein var klar til premieutdeling.
Resultatalista finn du her: Showrennet 2006
Flott skihelg på Liatoppen
Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Mar 2006
Førstkomande helg blir det virkeleg aktivitet i skisenteret. Denne helga går både showrennet, Ål-rennet og Bergsjørennet av stabelen på Liatoppen.
Startlista for Ål-rennet laurdag er no klar. Du finn den her: Startliste Ål-rennet 2006
Helga startar med Torpo IL sitt tradisjonsrike showrenn på fredag kveld. Her er det fellesstart og korte rundar som gjeld. Rennet går i fristil og alle frå 8 år og oppover til veteran kan delta. Mange tette duellar ventar.
Laurdag har ÅL IL sitt årlege Ål-renn. Dette rennet er også finale i Bjørn Myhre cupen i Buskerud. Også dette rennet går i fristil.
Sundag er det klart for Bergsjørennet. Årets flottaste skirenn/skitur frå Bergsjø til Liatoppen. Rennet har både trim og turklasse (med tidtaking). Møt opp på Liatoppen sundag morgon og la bussen frakte deg til start på Bergsjøstølen. Turen attende er kjempeflott! Bussane går kl. 10.00 frå Liatoppen.