Ribberennet 2021

Postet av Liatoppen Skisenter den 23. Des 2021

Torpo IL arrangerte Ribberennet den 28. desember på Liatoppen. Rennet gjekk i fristil og var for klassane frå og med 8 år til og med junior. 

Godt over 200 deltakarar stilte til start fordelt på 3 kohortar for å ivareta pålagte smitteverntiltak.

Meir informasjon om rennet er tilgjengeleg på Torpo IL sine nettsider.

Startliste Ribberennet

Resultatliste Ribberennet 2021





Årets gave til deg eller di bedrift - kjøp din eigen lysstolpe på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Des 2021

Lysløypa på Liatoppen Skisenter blir oppgradert med nye miljøvenlege ledpærer/armatur. Pærene var gamle og lyste på langt nær slik som moderne led-pærer gjer. Det blir no gjort oppgraderingar på Liatoppen for ca. ein million kroner. Me har brukt sommaren og hausten på å skifte ut 150 armatur. Resten blir tatt i 2022. 

For å finansiere delar av dette håpar me at du eller di bedrift vil bidra med å kjøpe din eigen lysstolpe. Brukar du lysløypa? Me håpar både innbyggjarar og hytteeigarar «kjøper ein lysstolpe» for å bidra til ei betre oppleving på Liatoppen. Alle stolpane blir merka med eit nummer. Den som kjøper ein stolpe får skilt med namnet sitt på stolpen. Skiltet blir hengande i 5 år. 


Prisane er:

Privatperson:kr 2.500
Bedrift: kr 5.000

Framgangsmåte for å kjøpe stolpe:

  1. Alle stolpane er merka med eit nummer
  2. Finn din utvalde stolpe og noter nummeret.
  3. Send stolpenummer og namn til: post@aalil.no


Sjå omtale i Hallingdølen 16.12.21:

Oppgraderer for fleire millionar (hallingdolen.no)


   






Ledig 1-årig prosjektoppdrag

Postet av Liatoppen Skisenter den 9. Mar 2021

Ål idrettslag og Liatoppen Skisenter skal starte eit 1-årig fellesprosjekt for planlegging, finansiering og systematisering av felles administrasjon og leiing av laga og arenaene. 

I samband med prosjektet lyser ein no ut eit prosjektoppdrag som prosjektleiar inntil 60 % med mogeleg oppstart 15. april 2021 og eit år fram i tid. Fullstendig utlysingstekst her.







Sparebank1-renn på Liatoppen 20.-21.MARS 2021

Postet av Liatoppen Skisenter den 2. Mar 2021

Ål skiskytterlag, Bødalen IF og Drammen Strong har gleden av å innby til SpareBank1-renn 20. og 21. mars 2021

Sted: Liatoppen, Ål
Parkering: Kr 60,- på Liatoppen. Betal med Vipps 508492.
Program LØRDAG: KM sprint for 13 til 16 år. Sprint for 17-19 år og 12 år og yngre.

SØNDAG: Normal, kortnormal 17-19 år.

Sjekk hjemmesiden til Ål SSL for mer informasjon

Ål Skiskyttarlag




Resultat sonerenn i skiskyting på Liatoppen 9. og 10. januar

Postet av Liatoppen Skisenter den 7. Jan 2021

Ål skiskytterlag arrangerte sonerenn i skiskyting for Hallingdal på Liatoppen 9. og 10. januar. Det var normalprogram på laurdag og sprint på sundag.

Her er resultatlister:

Normalprogram 9. januar16 år og yngre
17 år og eldre
Sprint 10. januar16 år og yngre
17 år og eldre





Adobe avsluttar oppdatering av Flash Player - konsekvens for verstasjonen

Postet av Liatoppen Skisenter den 3. Jan 2021

Adobe sluttar å oppdatere og distribuere Flash Player etter 31. desember 2020. Pc-versjonen av vår vêrstasjon brukar Flash Player. Alle store nettlesarleverandørar vil blokkere for Flash Player-innhald slik at vêrstasjonen ikkje kan visast. Alternativet frå no av er å bruke mobilversjonen av vêrstasjonen på pc. Den brukar ikkje Flash Player.