Ribberennet 2025
Postet av Liatoppen Skisenter den 15. Nov 2025
Velkomen til Ribberennet 28.12.2025 KL 12:00
Stilart: Friteknikk
Klassar: Frå 8 år til Senior og Mosjonist
Stad: Liatoppen Skisenter, Liatoppen 53, 3570 ÅL
Parkering: 50 kr., Vipps #127199
Påmelding: Online på isonen.no innan 26.12.2025 kl. 23:59
Startkontingent: 8-16 år 130 kr./junior 150 kr./senior 170 kr.
Ansvarleg påmelding e-post: kivestli@gmail.com
Etteranmelding: Fram til kl. 10:30 same dag (dobbel startkontigent) Vipps #127199
Les invitasjon for meir informasjon
2 Kommentarer
Vêrstasjonen er i drift etter lengre driftsstopp
Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Feb 2025
Vêrstasjonen på Liatoppen har vore i drift sidan 2008. Dessverre har me hatt ein driftsstopp sidan august i fjor. No er det gjort nødvendige endringar i driftsmiljøet og stasjonen leverer på nytt kontinuerleg vêrdata frå skistadion. Trykk på logo under toppmenyen eller velg menypunktet "Før skituren" i menyen. Då får ein opp mobilversjonen av vêrstasjonen. Me testar også ut eit alternativt display som er meir høveleg til pc og nettbrett. Lenke til begge visningsvariantane her:
Når ein er inne på vêrstasjonen med mobiltelefonen kan ein ide vere å legge den til på "Hjem-skjerm". Då vil den framstå som ein app ein lett kan nå.
God tur!
Alt klart for den 35. sesongavslutninga på Liatoppen
Postet av Liatoppen Skisenter den 11. Apr 2024
Ål skiskytterlag arrangerer helga 12.-14. april Liatoppen skiskytterfestival for aldersklassane 16 år og yngre.
Det blir tre dagar med spanande konkurransar. Arrangementet startar på fredag med stafettar og held fram med sprint laurdag og blir avslutta med fellesstartar på sundag. Fredag er det i tillegg opningsshow i Hallingdal Feriepark og laurdag er det premieshow i Ål kulturhus. Alt om arrangementet finn du her.
Arrangørstaben har rigga arenaen dei siste dagane og alt er no klart for å ta imot nærare 1000 unge skiskyttarar frå til saman 9 nasjonar.
Støtte til kamera og utstyr fra Sparebankstiftelsen Hallingdal
Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Mar 2024
Liatoppen skisenter har fått 20 000 kr til kamera og utstyr til bruk på standplass fra Sparebankstiftelsen Hallingdal. Vi takker så mye for støtten!


Det 50. Gaurhovdrennet vart arrangert 25. februar med start og mål på Øknin
Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Feb 2024
Gaurhovdrennet har sidan 80-talet hatt Liatoppen som start og målområde. I fjor vart rennet arrangert med start frå Øknin og gjekk forbi Gaurhovd som har gitt namn til rennet. Torpo IL synes flyttinga var såpass vellukka at dei i år klemmer til med skikkeleg jubileumsrenn med start og mål på Torpoåsen. Arrangøren lovar premiar til alle.

Her er resultatliste frå det 50. Gaurhovdrennet: pdf