230 deltakarar i årets Ribberenn på Liatoppen
Postet av Liatoppen Skisenter den 27. Des 2008
Torpo IL sitt tradisjonsrike Ribberenn vart arrangert på Liatoppen 3. juledag. Perfekt vinterver dvs. 5-6 minusgrader, vindstille og ei låg sol på himmelen ga alle dei 230 deltakarane gode og jamne forhold. Hilde Lauvhaug frå Skrautvål og Børre Ness frå Efteløt var dagens raskaste kvinne og mann uansett klasse.
Her er resultatlista: Ribberennet 2008
Resultat frå Ål-rennet
Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Nov 2008
Her er resultatlista: Ål-rennet 2008
Ål-rennet 29.11.08
Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Nov 2008
Årets første arrangement på Liatoppen blir Ål-rennet som Ål IL arrangerer laurdag 29. november. Mildværet dei siste dagane klarte ikkje å ta knekken på skiføret. Arrangørklubben og pensjonistar har hatt dugnad torsdag og fredag og lagt på snø på enkelte parti av løypa. I tillegg til litt nysnø skulle det blir gode forhold for løparane på laurdag.
Startlista finn du her. Meir informasjon om arrangementet på Ål IL sine nettsider.
Treningssamlingar på Liatoppen
Postet av Liatoppen Skisenter den 11. Nov 2008
21.-23.11 Spydeberg IL, Botne skiklubb, Buskerud skiskytterkrets 13-16 år.
28.-30.11 Buskerud langrenn, Jardar IL
05.-07.12 Nittedal SSL
11.-14.12 Oseberg skilag
03.-04.01 Ål ski (Ål IL-langrenn og Ål skiskytterlag)
Skiløypa Åsetno-Tormodset
Postet av Liatoppen Skisenter den 7. Nov 2008
Ny trase er no på plass. Alle involverte grunneigarar i området har stilt seg positive til å la skiløypa gå over sine eigedomar. Traseen ligg vest for den vinterbrøyta vegen.
Me minner om at Liatoppen skisenter kun har ansvar for løypekøyring og har ingen rett i området. For å få til skiløyper, er ein avhengig av at grunneigarar stiller grunn til disposisjon.
Me er glade for at denne saka har fått ei løysing, og håpar brukarane av skiløypa blir nøgd med den nye traseen.
Helsing
Liatoppen skisenter
(løypekøyrarane)
Bendit Liatoppen skiskytterfestival 2008
Postet av Liatoppen Skisenter den 6. Apr 2008
Her er resultata:
Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Mar 2008
NM-nyheiter
Resultat
Bildearkiv
Program
Distansar
Arenakart
Løypekart
Kart Ål sentrum
Innbyding
Overnatting
Presse
Hovudkomite
Bergsjørennet 2008
Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Mar 2008
Deltakarane møtte nysnøføre og temperatur like under null grader denne sundagen. Løypa gjekk innover til Svarthamar der ein kom inn på den ordinære traseen slik at siste halvdel av løypa vart den same. Tilhøva var greie og mykje betre enn frykta.
Raskast i dei ulike stilartar vart:
Klassisk: Live Båsen, Vikersund og Per Øyvind Mythe, Hemsedal.
Fristil: Kari Rommen Syversen, Lillomarka SK og Lars Erling Killingberg, Ål.
Her er resultatlista: Bergsjørennet 2008.
Resultat frå klubbmesterskapet til Ål skiskytterlag 13. mars
Postet av Liatoppen Skisenter den 19. Mar 2008
Endring i løypenettet Åsetno - Tormodset
Postet av Liatoppen Skisenter den 12. Mar 2008
Skiløypa har i alle år følgd vegen frå Åsetno til Tormodset. Først på vinteren vart det forsøkt som ei prøveordning å køyre løype i kanten av den brøyta vegen. Det har kome reaksjonar på sikkerheiten med denne løysinga. Difor er prøveordninga no kutta ut med konsekvens at det ikkje blir preparert skiløype på strekninga.
Målet er å få på plass ein ny og god løypetrase. Både vegstyre/grunneigarar og løypenemd vil arbeide for å få dette på plass til neste sesong, men det vil krevje arbeid i terrenget som ikkje er mogeleg å få utført før til sommaren.
Løypenemnda beklagar den ulempe dette fører med seg for dei som går på ski i området. Me håpar at brukarane kan sjå verdien av det samla løypenettet og brukar resten av det denne ettervinteren.
Løypemaskina har no fått installert GPS som blir nytta i oppdatering av preparerte løyper. Av kartet kan det sjå ut som løypa mellom Åsetno og Tormodset er preparert. Dette er ikkje tilfelle, men skuldast at maskina køyrer strekninga på bilvegen for å halde fram med prepareringa lenger framme.
Løypekartet finn du her.
NM junior over for denne gong
Postet av Liatoppen Skisenter den 3. Mar 2008
Då er NM junior historie og berre minnene vil leve vidare. Me håpar alle deltakarar, leiarar og andre besøkande har hatt minnerike dagar her på Ål.
For å dokumentere nokre av minnene har me laga til eit bildegalleri med eit utval bilder frå alle konkurransedagane. Ta ein tur innom, du finn den i venstremenyen under NM junior 2008!
Arrangøren, Liatoppen Skisenter, vil takke alle bidragsytarar for hjelpa i gjennomføringa av arrangementet!
NM-stafettar i strålande vinterver
Postet av Liatoppen Skisenter den 2. Mar 2008
Stafettstart M17-21 år |
Menn 17-19 år
Oslo og Akershus sitt førstelag tok ei klar gullmedalje på dagens første stafett. Hedmark spurtslo Troms i kampen om sølvet. Buskerud vart nr. 4.
Gullkvartetten frå Oslo og Akershus: Frå venstre Eirik Frøseth Solheim, Marius Førsund, Vetle Ruud Bråten og Eirik Bratli. |
Menn 17-21 år
Ny suveren seier til Oslo og Akershus. Sølvmedalje gjekk til Sør-Trøndelag med Hedmark på bronseplass.
Gullkvartetten: Frå venstre Magnus L'Abèe-Lund, Fredrik Raffelsen Hope, Christian Sæten og Arild Askestad. |
Kvinner 17-21 år
Favorittseier til laget frå Nord-Trøndelag.
Gulljenter frå Nord-Trøndelag: Frå venstre Ada Ringen, Elise Jørstad Sandvik og Elise Ringen. |
Klar for NM-sprint
Postet av Liatoppen Skisenter den 1. Mar 2008
Siste start av 372 deltakarar er kl. 15.23.30. Været frå morgonen er lettskya, vindstille, lett snøver og sola er i ferd med å bryte gjennom. Alt ligg til rette for ein ny fin konkurransedag med like forhold for alle.
Blinken i sikte. Kristin Fremo, Trondhjems Skiskyttere får gode råd av Erling Langørgen. |
Glimt frå sprinten
Postet av Liatoppen Skisenter den 1. Mar 2008
Menn 20-21 år
Henrik Brovold, Byåsen avanserte frå sølv på normalprogrammet til gull på sprinten laurdag.
Gull på sprinten: Henrik Brovold, Byåsen. |
Kvinner 20-21 år
1. Elise Jørstad Sandvik, Stiklestad IL, 2. Vilde Ravnsborg Gurigard, Vingrom IL (ikkje til stades), 3. Anne Lise Aas, Sokna IL. |
Kvinner 19 år
1. Synnøve Solemdal, Tingvoll IL, 2. Elise Ringen, Meråker SSK (ikkje til stades), 3. Ada Ringen, Meråker SSK. |
Kvinner 18 år
Gulljenter i K18: Til venstre Bente Landheim, Tynset som vann sprinten laurdag og Joanna Valland, Kvam som vann normalprogrammet torsdag. |
Kvinner 17 år
1. Karoline Birkeland, Birkenes, 2. Anniken L'Abèe-Lund, Oslo SSL (ikkje til stades), 3. Siri Gurandsrud, Oslo SSL. |
Menn 19 år:
1. Vegar Bergli, Skonseng, 2. Åsmund Nymoen, Vingelen, 3. Marius Kjerneth, Sørskogbygda |
Menn 18 år
På veg mot gull: Erlend Bjøntegaard, Bevern. |
Menn 17 år
Gull og sølv: Frå venstre gullvinnar Einar Fannemel, Hornindal og sølvvinnar Sindre Sataslåtten, Ål. |
Resultat frå NM junior
Postet av Liatoppen Skisenter den 1. Mar 2008
Oppdatert startliste for sprinten
Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Feb 2008
NM i gang
Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Feb 2008
Erik Frøseth Solheim var førstemann ut på Liatoppen. |
Tilhøva for dagens konkurranse skal vere dei beste. Det er sol, -2 grader og lett bris på Liatoppen. Det skulle tilseie jamne forhold for alle deltakarar om ikkje vinden aukar utover dagen.
Sikkerheiten er i fokus under NM og løparane må gjennom fleire våpenkontrollar før start.
Marius Førsund, Fossum får våpenet kontrollert av Nils Arne Helling |
Blomsterseremoniar torsdag
Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Feb 2008
Menn 19 år
1. Eirik Robert Kristiansen, Simostranda 2. Eirik Frøseth Solheim, Asker 3. Amund Thomassen, Sauda (ikkje til stades) |
Menn 18 år
1. Simen Sandbu Strand, Trysilgutten IL/Team Eidsiva 2. Stian Fløttum, Sokna IL 3. Erlend Bjøntegaard, Bevern IL/NTG Lillehammer |
Menn 17 år
1. Mats Røksund, Fossum IF/Team Statkraft Oslo Akershus 2. Kristoffer Langøien Skjelvik, Os IL/NTG Lillehammer (ikkje til stades) 3. Marius Norø Ingebrigtsen, Tromsø SSL/SVG |
Menn 20-21 år
1. Magnus L'Abèe-Lund, Oslo SSL 2. Henrik Brovold, Byåsen 3. Arild Askestad, Fet SK |
Kvinner 20-21 år
Vilde Ravnsborg Gurigard - vinnar av klasse kvinner 20-21 år. |
Kvinner 19 år
Elise Ringen - vinnar av klasse kvinner 19 år |
Kvinner 18 år
Karoline Birkeland - vinnar av klasse kvinner 17 år |
Dagen før dagen
Postet av Liatoppen Skisenter den 27. Feb 2008
Trond Kristensen, Sandnes SSL/SVG |
Me har eit nydeleg vintervær med sol, omkring null grader og vindstille. Alt ligg til rette for vellykka NM-dagar.
Standplassjef Eilev Sørbøen har alt under kontroll. |
Gaurhovdrennet/Showrennet 24. februar
Postet av Liatoppen Skisenter den 24. Feb 2008
Torpo IL arrangerte Gaurhovdrennet for 37. gong denne siste sundagen i februar. Eivind Torsethaugen frå arrangørklubben har gjennomført rennet alle 37. gongene. Ein prestasjon! Nytt i år var at klubben sitt populære Showrenn vart arrangert samstundes for klassane 8-16 år.
Resultata finn du her: Gaurhovdrennet/Showrennet 24.02.08
Adkomst til Liatoppen Skisenter
Postet av Liatoppen Skisenter den 23. Feb 2008
Stadion ligg ca. 7,5 km frå avkøyringa frå rv. 7. Avkøyring er merka ca. 3 km aust for Ål sentrum.
Sjå Vegvisar til Liatoppen skisenter i eit større kart
Startlister for normal og sprint junior NM 2008
Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Feb 2008
Her er startlistene for normalen og sprinten i junior NM. Det ble 370 løpere påmeldt på normalen og en mer på sprinten.
Startliste normal 28/2 , Startliste sprint 1/3
Vi vil ikke ta imot flere etteranmeldelser enn de to ledige plassene som lagt på hver klasse.
Informasjon om offisiell trening og innskyting
Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Feb 2008
Det er no sett opp skivefordeling for den offisielle treninga onsdag og fredag og innskyting torsdag og laurdag. Oversikten finn du her:
NM-banketten
Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Feb 2008
... servering av tradisjonskost frå Hallingdal, friske kulturelle innslag med lokalt tilsnitt og sjølvsagt premieutdeling. Billettar til banketten får deltakarar og leiarar kjøpt på rennkontoret til og med fredag og kostar kr 150,-.
Idrettshallen ligg 750 meter vest for Ål sentrum. Sjå kart Ål sentrum i venstremenyen.
Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Feb 2008
Her blir resultata lagt inn så snart dei er klare:
Normalprogram torsdag 28. februar:
Menn 19 år
Menn 18 år
Menn 17 år
Menn 20-21 år
Kvinner 20-21 år
Kvinner 19 år
Kvinner 18 år
Kvinner 17 år
Komplett liste normalprogram
Mellomtider normalprogram
Sprint laurdag 1. mars:
Menn 20-21 år
Kvinner 20-21 år
Kvinner 19 år
Kvinner 18 år
Kvinner 17 år
Menn 19 år
Menn 18 år
Menn 17 år
Komplett liste sprint
Mellomtider sprint
Stafettar søndag 2. mars:
Liatoppen Skisenter kan tilby trådlaust nettverk med breibandtilgang
Postet av Liatoppen Skisenter den 21. Feb 2008
Korleis blir NM-været?
Postet av Liatoppen Skisenter den 19. Feb 2008
Alfabetisk påmeldingsliste for normal og sprint
Postet av Liatoppen Skisenter den 19. Feb 2008
Det er over 360 løpere påmeldt til NM løpene på Liatoppen neste uke, der gutter 17 år med nesten 100 påmeldte er den største klassen.
Her er alfabetiske påmeldingslister for både normal og sprint. Nå er det viktig at alle kontroller sin påmelding og gir tilbakemelding til arrangør dersom noe er feil. Alfabetisk påmeldingsliste normal , Alfabetisk påmeldingsliste sprint
Vi planlegger å gjennomføre trekking torsdag 21/2, endringer bør derfor være innmeldt før det! De som har brikker, men ikke har det med på lista skal melde dette til arrangør.
Spennande juniorsatsing
Postet av Liatoppen Skisenter den 17. Feb 2008
- Etter 2006-sesongen hadde me fire 16-åringar som ikkje skulle gå ved NTG på Geilo, men ta vidaregåande på Gol og Ål . Dei hadde lyst til å satse vidare, så me sette i gang eit spesialopplegg for dei. Målet var å gje alle som vil satse eit seriøst tilbod, også etter at dei kjem i junioralderen og ikkje skal gå ved NTG, fortel initiativtakar Jon Olav Tveitehaug i Ål skiskyttarlag.
Sindre Sataslåtten |
Han er skytetrenar for juniorgruppa. Per Thorbjørn Ruud tek seg av den fysiske treninga og skitreninga. Fyrste året hadde juniorgruppa fellessamlingar med Ski Hallingdal.
Opplegget går vidare ut på at Ål ssl. set av ein sum som kvar løpar får disponere fritt til treningssamlingar og konkurransar. Kravet for å få utbetalt pengane er at dei går norgescuprenna, junior-NM, Østlandsmeisterskapet og KM.
- Men me stiller ikkje restultatkrav for å vera med. Det spelar ingen rolle om dei blir nummer 6 eller 60. Etter at me starta opp for snart to år sidan har ingen av juniorane våre slutta, seier Tveitehaug.
Susanne Haugo |
Juniorteamet har mange samarbeidspartnarar. Lokale sponsorar tente på ideen. Skifabrikkanten Madshus likte opplegget og har inngått rekruttavtale.
Det mest spennande er likevel at Ål vidaregåande skule er aktiv medspelar når det gjeld tilrettelegging for samlingar og konkurransar. I kjølvatnet av juniorsatsinga er Ål vgs. i startfasen med å opprette ei idrettslinje for elevar som går yrkesfagleg studeiretning, og som ein håpar er i gang neste skuleår.
Aslak Bøygard |
I år er seks løparar med i juniorteamet i Ål ssl, tre andre går ved NTG på Geilo og får profesjonell hjelp der.
Etterveksten i Ål ssl er veldig god for tida, så det er grunn til å vente solid rekruttering til juniorteamet i åra framover. Klubben har i år 42 aktive frå 10 år og oppover og 11 aspirantar.
- Det er viktig å nemne junioropplegget vårt også gjeld løparar frå andre klubbar både i og utanfor Hallingdal. I år har me med ein løpar frå Simostranda som går ved Ål vgs, men som representerer klubben sin i renn, seier Jon Olav Tveitehaug.
Klare for NM: Ålingar klar for junior-NM på heimebane. Bak f.v. Tor Arne Skråmestø, Øyvind Skråmestø, Aslak Bøygard, Hallgeir Nordheim, Henning Kleven, Jon Inge Tveitehaug. Framme f.v. Lars Erling Killingberg, Sindre Sataslåtten, Susanne Haugo, Olav Kolbjørnsgard. |
Postet av Liatoppen Skisenter den 24. Jan 2008
Distansar
Torsdag 28. februar - Normal
Junior Menn 20-21: 3,3 ligg +3,3 stå +3,3 ligg +2,5 stå +2,5 mål = 14,9 km
Ungdom Menn 19: 2,5 ligg +2,5 stå +2,5 ligg +2,5 stå +2,5 mål = 12,5 km
Ungdom Menn 18: 2,5 ligg +2,5 stå +2,5 ligg +2,5 stå +2,5 mål = 12,5 km
Ungdom Menn 17: 2,5 ligg +2,5 stå +2,5 ligg +2,5 stå +2,5 mål = 12,5 km
Junior Kvinner 20-21 : 2,5 ligg +2,5 stå +2,5 ligg +2,5 stå +2,5 mål = 12,5 km
Ungdom Kvinner 19: 2,5 ligg +2,5 stå +1,7 ligg +1,7 stå +1,7 mål = 10,1 km
Ungdom Kvinner 18: 2,5 ligg +2,5 stå +1,7 ligg +1,7 stå +1,7 mål = 10,1 km
Ungdom Kvinner 17: 2,5 ligg +2,5 stå +1,7 ligg +1,7 stå +1,7 mål = 10,1 km
Laurdag 1. mars - Sprint
Junior Menn 20-21: 3,3 ligg +3,3 stå +3,3 mål = 9,9 km
Ungdom Menn 19: 2,5 ligg +2,5 stå +2,5 mål = 7,5 km
Ungdom Menn 18: 2,5 ligg +2,5 stå +2,5 mål = 7,5 km
Ungdom Menn 17: 2,5 ligg +2,5 stå +2,5 mål = 7,5 km
Junior Kvinner 20-21 : 2,5 ligg +2,5 stå +2,5 mål = 7,5 km
Ungdom Kvinner 19: 2,5 ligg +1,7 stå +1,7 mål = 5,9 km
Ungdom Kvinner 18: 2,5 ligg +1,7 stå +1,7 mål = 5,9 km
Ungdom Kvinner 17: 2,5 ligg +1,7 stå +1,7 mål = 5,9 km
Sundag 2. mars - Stafett
Junior Menn 20-21: 4 etapper x 7,5 km hver etappe er 2,5 ligg +2,5 stå +2,5 mål = 7,5 km
Ungdom Menn 17-19: 4 etapper x 7,5 km hver etappe er 2,5 ligg +2,5 stå +2,5 mål = 7,5 km
Kvinner 17-21: 3 etapper x 5,9 km hver etappe er 2,5 ligg +1,7 stå +1,7 mål = 5,9 km
Presseinfo nr. 1
Postet av Liatoppen Skisenter den 24. Jan 2008
Ål Skiskyttarlag har gleda å invitere pressa (aviser, radio og fjernsyn) til Junior-NM i Skiskyting på Liatoppen Skisenter 28. februar til 2. mars 2008.
Konkurranseprogram:
Normalprogram torsdag 28. februar. Sprint laurdag 1. mars. Stafettar sundag 2. mars
Detaljerte opplysningar om rennprogram og annan NM-informasjon på nettsidene til Liatoppen Skisenter på:
Akkreditering:
Ver vennleg å sende akkreditering med opplysningar om kva for hjelpemiddel/tenester som trengst innan 15. februar på
Resultatservice:
Resultatlister blir lagt ut på nettsidene våre fortløpande etter konkurransane.
På denne sida vil det bli lagt ut aktuell informasjon for media fram mot NM.
For spørsmål frå media utover det som står på nettsidene våre, kontakt
Torbjørn Gunhildgard
presseansvarleg
Tlf.: 32 08 13 38 (p), 32 08 65 27 (a), 91 55 14 32 (m)
Postet av Liatoppen Skisenter den 23. Jan 2008
Innbyding NM junior/ungdom 2008
Ål skiskyttarlag og Liatoppen skisenter ynskjer velkomen til Norgesmeisterskap for junior/ungdom i skiskyting 2008!
Arena
Liatoppen skisenter i Ål kommune.
Program
Sjå program på heimesidene våre.
Kretsar som ynskjer skiver ved sida av kvarandre under innskyting, må fortelje oss det ved påmelding.
Klasseinndeling
Normal og sprint: Ungdom kvinner og menn 17 år
Normal og sprint: Ungdom kvinner og menn 18 år
Normal og sprint: Ungdom kvinner og menn 19 år
Normal og sprint: Junior kvinner og menn 20-21 år
Stafett: Junior/ungdom menn 17 – 19 år
Junior/ungdom menn 17 – 21 år
Junior/ungdom kvinner 17 -21 år
Påmelding
Online lagvis påmelding til dei individuelle distansane.
Påmelding av lag til stafetten, kretsvis til leifo-sa@online.no
Rennleiaren må få melding om lagoppsettet innan laurdag 1/3 kl. 16.00.
Frist for påmelding: 18. februar 2008
Det er viktig at alle løparar hugsar brikkene sine. Me har dessverre ikkje ekstrabrikker.
Startkontingent
Ungdom/junior 110 kroner pr. renn
Stafett 170 kroner pr. lag
Startkontingenten vil bli fakturert i ettertid til det enkelte lag/team.
Påmelding etter fristen (18/2) blir sett på som etteranmelding, og me krev dobbel påmeldingsavgift.
Lag/team er ansvarleg for at løparane har betalt lisens og har gjennomført tryggleikskurs.
Rennkontor
Rennkontoret på stadion er ope alle løpsdagar frå kl.08.00. Dei dagane det er offisiell trening opnar rennkontoret kl.09.00.
Me leverer ut startnumra lagvis saman med annan informasjon på rennkontoret.
Dei som ikkje leverer attende startnummeret sitt, må betale eit gebyr på 300 kroner.
Garderobe/dusj
I garderobeanlegget til Liatoppen skisenter ved stadion.
Innkvartering/overnatting
Sjå informasjon på heimesidene våre.
Premieutdeling/bankett
Blomeseremoni på arenaen etter løpa, alle renndagar.
Premieutdeling for normalprogrammet blir ute ved Kulturhuset i Ål sentrum torsdag kveld kl. 18.00.
Premieutdeling for sprintprogrammet blir på banketten i Ål idrettshall laurdag kveld kl. 18.00.
Billett til banketten får du kjøpt på rennkontoret på Liatoppen skisenter. Billetten kostar 150 kroner.
Premieutdeling for stafetten blir på arenaen på Liatoppen etter rennet.
Kafeteria/kiosk
Kiosk på stadion alle dagar.
Reservearena
Geilo er reservearena. Avgjerd om eventuell flytting blir teke i samsvar med NSSF sine reglar. Overnattinga går som planlagt uavhengig av flytting (avstanden er innanfor godkjent avstand).
Teknisk delegerte
Svein Hjorth, mob. 952 73 289, e-post: svein.hjorth@advansia.no
Egil Ekrehagen, mob. 900 58 599, e-post: egil-ek@online.no
Rennleiar
Leif Ove Sataslåtten, mob. 930 65 402, e-post: leifo-sa@online.no
Regelverk
Rennet blir arrangert i samsvar med NSSF sitt regelverk.
Postet av Liatoppen Skisenter den 23. Jan 2008
Program NM junior/ungdom 2008
Onsdag 27. februar, offisiell trening
Kl. 09.00 |
Rennkontor opnar på stadion | |
Kl. 10.00 – 13.00 |
Offisiell trening |
M17, M18, M19 |
Kl. 13.30 – 15.30 |
Offisiell trening |
M20-21, K17, K18, K19 og K20-21 |
Kl. 19.00 |
Lagleiarmøte på Thon hotell i sentrum |
Ved trening skal ALLE utøvarar ha startnummer. Dette får de ved å vende dykk til tilvist plass før standplass. Etter endt trening skal de levere attende startnummer, personleg kvittere og få visitert våpen. Brot på reglane gjev ei straff på 2 minutt tillegg i fyrstkomande renn.
Torsdag 28. februar, normalprogram
Kl. 08.00 |
Rennkontor opnar på stadion | |
Kl. 09.00 – 10.00 |
Innskyting |
M17, M18, M19 |
Kl. 10.00 – 10.15 |
Offisiell opning av Norgesmeisterskapen | |
Kl. 10.15 |
Start normalprogram |
M17, M18, M19 |
Kl. 13.00 – 13.50 |
Innskyting |
M20-21, K17, K18, K19 og K20-21 |
Kl. 14.00 |
Start normalprogram |
M20-21, K17, K18, K19 og K20-21 |
|
Blomeseremoni på stadion fortløpande etter kvar klasse | |
Kl. 18.00 |
Premieutdeling ute ved Ål kulturhus |
Fredag 29. februar, offisiell trening
Kl. 09.00 |
Rennkontor opnar på stadion | |
Kl. 10.00 – 12.00 |
Offisiell trening |
M20-21, K17, K18, K19 og K20-21 |
Kl. 12.30 – 15.30 |
Offisiell trening |
M17, M18, M19 |
Kl. 19.00 |
Lagleiarmøte på Thon hotell i sentrum |
Ved trening skal ALLE utøvarar ha startnummer. Dette får de ved å vende dykk til tilvist plass før standplass. Etter endt trening skal de levere attende startnummer, personleg kvittere og få visitert våpen. Brot på reglane gjev ei straff på 2 minutt tillegg i fyrstkomande renn.
Laurdag 1. mars, sprintprogram
Kl. 08.00 |
Rennkontor opnar på stadion | |
Kl. 09.00- 09.50 |
Innskyting |
M20-21, K17, K18, K19 og K20-21 |
Kl. 10.00 |
Start sprint |
M20-21, K17, K18, K19 og K20-21 |
Kl. 12.15 – 13.15 |
Innskyting |
M17, M18, M19 |
Kl. 13.30 |
Start sprint |
M17, M18, M19 |
|
Blomeseremoni på stadion fortløpande etter kvar klasse | |
Kl. 18.00 |
Premieutdeling og NM-bankett i Ål idrettshall |
Sundag 2. mars, stafettprogram
Kl. 08.00 |
Rennkontor opnar på stadion | |
Kl. 08.30 – 08.55 |
Innskyting |
M17-19 |
Kl. 09.00 |
Start stafett |
M17-19 |
Kl. 11.00 – 11.25 |
Innskyting |
M17-21 |
Kl. 11.30 |
Start stafett |
M17-21 |
Kl. 13.30 – 13.55 |
Innskyting |
K17-21 |
Kl. 14.00 |
Start stafett |
K17-21 |
|
Premieutdeling på stadion fortløpande etter kvar klasse |
Arrangøren tek atterhald om endringar i programmet. Opplysningar om eventuelle endringar blir gjeve på lagleiarmøte onsdag 27/2 eller fredag 29/2.
Generell informasjon:
Spørsmål om arrangementet kan rettast til rennleiar på mobil 93 06 54 02 eller på e-post leifo-sa@online.no
Velkomen til Ål og Liatoppen skisenter, og til Norgesmeisterskapen for junior/ungdom i skiskyting 2008!
SpareBank 1-cup 19. januar
Postet av Liatoppen Skisenter den 19. Jan 2008
Dagen starta problematisk for arrangøren Ål skiskytterlag denne laurdagsmorgonen. Sterke vindkast på stadion gjorde at arrangementet vart utsett i ein time. Avgjersla viste seg å vere rett sidan vinden løya utover dagen sjølv om det kom kast innimellom som ga deltakarane ekstra utfordringar. Rennet var også KM normalprogram for Buskerud for 13 år og eldre.
Resultat frå det 4. rennet i sesongens SpareBank 1-cup finn du her: SpareBank 1 - cup 19.01.08
Hovedkomite NM junior 2008
Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Jan 2008
Funksjon |
Navn |
Mobilnr. |
E-post |
Leder org.kom |
Tore Bøygard |
917 97 559 |
|
Leder Ål SSL |
Tore Grøgard |
997 21 023 |
|
Sekretær |
Bjørg Torsteinsrud |
408 46 544 |
|
Økonomi |
Erling Hagen |
991 55 150 |
|
Rennleder |
Leif Ove Sataslåtten |
930 65 402 |
|
Ass.rennleder |
Eivind Torsethaugen |
992 12 692 |
|
Standplass |
Per Kvelprud |
971 99 482 |
|
Standplass |
Eilev Sørbøen |
950 65 133 |
|
Stadion |
Kåre Hagen |
901 75 701 |
|
Løyper |
Svein Åsmund Tveito |
918 64 965 |
|
Tidtaking |
Arnstein Sørbøen |
971 85 435 |
|
Rennkontor |
Rolf Larsen |
915 13 417 |
|
Data |
Oddvar Opheimsjordet |
951 22 128 |
|
Seremoni/premier |
Vigdis Vedvik Gåsterud |
992 57 190 |
|
Servering/kiosk |
Sissel Barskrind |
481 52 408 |
|
Speakertjeneste |
Tore – Ole Kristian ???? |
917 97 559 |
|
Parkering |
Bjørn Ivar Killingberg |
951 33 583 |
|
Overnatting |
Ål Utvikling – Ål Booking |
32 08 10 60 |
|
Sanitet |
Ål Røde Kors v/ Kari Skalle |
977 30 562 |
|
Presse/PR |
Torbjørn Gunhildgard |
915 51 432 |