Endring av sprintrennet

Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Des 2010

Langrennskomiteen har bestemt at sprinten på Liatoppen blir i klassisk stil. Løyper og arena blir som opprinneleg planlagt. Meir informasjon på Skiforbundet sine nettsider.



Flotte skiløyper på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 24. Des 2010

Det er no flotte skiløyper på Liatoppen. GPS-oppdateringa av løypeprepareringa er dessverre ute av drift slik at løypekøyringa ikkje blir regstrert på løypekartet. I dag, juleeftan, blir heile løypenettet preparert. Konkurranseløypene omkring Liatoppen er i svært bra stand etter dugnad med snømaking denne veka. Innover i turløypene er det litt meir ujamnt og litt kvist. Dersom kuldegradene ikkje blir for mange i jula er det ingen grunn til å sitje heime. Ta deg ein skitur.

Sjekk løyperapporten for meir detaljar om preparerte skiløyper.

Liatoppen skisenter ønskjer alle brukarar av skiløypene ei riktig god jul og eit godt nyttår!




Ribberennet 2010

Postet av Liatoppen Skisenter den 24. Des 2010

Torpo IL arrangerte det tradisjonsrike Ribberennet på Liatoppen 28. desember. Rennet gjekk i fristil og dei 234 deltakarane fekk utfolda seg i eit kald vintervær. Raskaste kvinne var Hilde Lauvhaug frå Skrautvål og raskaste mann var Eirik Brandsdal frå Kjelsås. 

Her er resultatlista: Ribberennet 2010




Program

Postet av Liatoppen Skisenter den 21. Des 2010

Her er oversikt over:


Åpningstider rennkontor

Torsdag 6. januar: Liatoppen Skisenter, kl. 12.00 – 15.00

Fredag 7. januar: Liatoppen Skisenter, kl. 08.00 – til rennet er slutt

Laurdag 8. januar: Liatoppen Skisenter, kl. 07.30 – til rennet er slutt

Sundag 9. januar: Liatoppen Skisenter, kl. 07.30 – til rennet er slutt


Lagleiarmøter

I utgangspunktet kan kvar krets og kvart team møte med to personar kvar.

Torsdag 6. januar: Liatoppen Skisenter, Varmestugu, kl. 20.00

Fredag 7. januar: Liatoppen Skisenter, Varmestugu, kl. 20.00

Laurdag 8. januar: Ål kulturhus, Veslesalen, kl. 20.00


Premieutdelingar

NB! Storesalen i Ål kulturhus har ikkje plass til alle utøvarane på ein gong. Det blir to premieutdelingar fredag og laurdag. Salen vil bli tømt etter fyrste premieutdelinga. Alle utøvarane som skal ha premie kan ha med seg ein person. Det vert gjort for å ta vare på tryggleiken til dei som er i salen. Me ber alle om å overhalde dette.

Fredag 7. januar: Ål kulturhus, storesalen, jenter kl. 16.00 og gutar kl. 17.00

Me ber løyparar som skal ha premie om å setja seg på dei seks fremste radane.

Laurdag 8. januar: Ål kulturhus, storesalen, jenter kl. 18.00 og gutar kl. 19.00

Me ber løyparar som skal ha premie om å setja seg på dei seks fremste radane.

Sundag 9. januar: Liatoppen skisenter, ved stadion så raskt som mogleg etter kvar klasse.




Løypekart og profilar

Postet av Liatoppen Skisenter den 14. Des 2010

Oversikt over løyper og profilar finn du her



Liatoppen skisenter 7. - 9. januar 2011

Postet av Liatoppen Skisenter den 12. Nov 2010

Velkomen til SPAR Cup junior på Liatoppen 7. - 9. januar 2011

Torpo IL, Ål IL, Ål skiskyttarlag og Fjellet IL ynskjer velkomen til tre langrennsdagar på Liatoppen tidleg i januar. Programmet for dagane finn de under innbydinga. Me vil minne om påmeldingsfristen fredag 31.12.10 kl. 23.59. Det vil vera mogleg med etterpåmelding fram til sundag 02.01.11 kl. 18.00.

Merk at sprintrennet er endra til klassisk stil. Sjå nedanfor.

Vennleg helsing

Svein T. Furuhaug
rennleiar
Tlf. 91518610
Svein.T.Furuhaug@mattilsynet.no




Arenakart

Postet av Liatoppen Skisenter den 11. Nov 2010

Her er ein oversikt over organisering av arenaen dei ulike konkurransedagane.

 

Enkelstart, fredag 7. januar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

For større format, trykk her.

 

Sprint, laurdag 8. januar

 

 

 

 

 

 

 

 


 

For større format, trykk her.

 

 

Fellesstart, sundag 9. januar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

For større format, trykk her.




Smørebodar

Postet av Liatoppen Skisenter den 11. Nov 2010

Liatoppen skisenter har 17 smørebodar til utleige under Spar Cup junior 7.-9. januar. Oversikt finn du her.

For bestilling ta kontakt med:

Magnus Skrindo 
e-post: magnus.skrindo@asplanviak.no




Overnatting i samband med Spar Cup junior

Postet av Liatoppen Skisenter den 11. Nov 2010

Her er ein oversikt over overnattingstilbodet i området. Alle alternativ har oppført avstand til Liatoppen skisenter.

Overnattingstilbod Spar Cup junior




SpareBank 1 cup i skiskyting 12. desember

Postet av Liatoppen Skisenter den 6. Nov 2010

Ål skiskytterlag arrangerte sesongens 3. renn i SpareBank 1 cupen på Geilo sundag 12. desember. Konkurransen vart avvikla som normalprogram.

Resultatliste frå rennet finn du her.




Værstasjonen og web-kamera i drift

Postet av Liatoppen Skisenter den 1. Aug 2010

Både værstasjonen og web-kameraet fekk seg ein "karamell" under eit torevær i juni. Værstasjonen har vore i drift sidan august og 14. oktober fekk me i gang web-kameraet. Då skulle desse instrumenta vere klar til ein ny vinter forhåpentlegvis til glede for skisenteret sine brukarar og andre interesserte.

Då er det berre å vente på snøen...




Værstasjonen og webkamera ute av drift

Postet av Liatoppen Skisenter den 30. Jun 2010

Både værstasjonen og webkamera på Liatoppen er midlertidig ute av drift. Eit torevær 28. juni ser ut til å ha slått ut begge delar. Inntil dette er i orden vil værdata og bilete ikkje bli oppdatert. På grunn av ferietid er det usikkert når utstyret vil vere i drift att. 



Værstasjonen på Liatoppen er midlertidig ute av drift

Postet av Liatoppen Skisenter den 2. Jun 2010

Håpar å ha den i drift att om nokre dagar. Beklagar dette, men det er vel ikkje den verste tida på året å ha den til service.



Resultat Bendit Liatoppen skiskytterfestival 2010

Postet av Liatoppen Skisenter den 19. Apr 2010


Odlostafetten fredag 16. april:

html pdf-format
Fellesstart junior fredag 16. april: html pdf-format  
Bendit laurdag 17. april:

html
html med foto

pdf-format
Bendit sundag 18. april html pdf-format

NB!
Listene i html-format inneheld ikkje markering for tillegg i tid ved regelbrot.




No brakar det laus

Postet av Liatoppen Skisenter den 15. Apr 2010

Årets høgdepunkt for Liatoppen Skisenter står for tur, Bendit Liatoppen Skiskytterfestival. Stadion er rigga for storinnrykk i helga. I morgon fredag startar 3 dagar med konkurransar i det som er verdas desidert største skiskyttarrenn i deltakartal. I løpet desse konkurransedagane skal våpen for 10 mill. kroner avfyre 50000 skot, 1000 løparar skal gå 7000 kilometer og ca. 8000 strafferundar.

Slik er programmet:

Fredag:
Odlo-stafetten, 11-16 år
Fellesstart menn/kvinner 17 år

Laurdag:
Individuell start alle klassar

Sundag:
Individuell start 12 år og yngre
Fellesstart for 13-16 år

Liatoppen skisenter ønskjer alle deltakarar, leiarar og foreldre hjarteleg velkomen og lykke til med konkurransane!

Dette blir kjekt!




Klubbmesterskap Ål skiskytterlag

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Mar 2010

Ål skiskytterlag avvikla sitt klubbmesterskap på Liatoppen 8. mars. 37 deltakarar frå klubben stilte til start. Kveldens høgdepunkt var Steinar Tveito si målpassering som påskehare. Kva blir det neste år?

Resultat: Klubbmesterskap Ål ssl




Klubbmesterskap Ål IL

Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Mar 2010

Tysdag 16. mars arrangerte Ål IL klubbmesterskap i langrenn på Liatoppen. Rennet gjekk i fristil og 37 deltakarar stilte til start i klassane 8 år til senior.

Her er resultatlista: Klubbmesterskap Ål IL




KM-SPRINT FRISTIL 2010 OG KM-STAFETT (KLASSISK/FRI/FRI)

Postet av Liatoppen Skisenter den 10. Mar 2010

Her er en orientering om renna på Liatoppen 13. og 14. mars 2010

Resultat prolog KM Sprint 13.03.2010

Resultat finaler KM Sprint 13.03.2010

Startliste KM Stafett 14.03.2010

Lørdag – sprint.

Prolog for 8 år til senior går fortløpende fra kl 1100. Løypelengde tilpasset løpernes alder, varierende fra 300 m opp til 1,6 km.

Etter at prologen er ferdig (med en liten pause for oppsett av heat) starter de yngste først i tilleggsheat. 4-evt 6 løpere pr. heat. Ingen rangering av de yngste.

For klassene 11-12 settes det opp plasseringsheat. Oppsett i henhold til tiden fra prologen. De 4 beste fra prologen kjemper om de 4 første plassene, osv. De beste fra prologen starteri siste heat i sin klasse.

KM – for klassene 13 år t.o.m senior:

Alle i klassene 13 til 16 år går 800 meter.

Klassene fra 17 år til senior går 1,6 km.

Gjennomføring av heatene skjer etter en modell med kvartfinaler, semifinaler og finaler, avhengig av hvor mange løpere som deltar. De to beste fra hvert heat går videre til neste runde.

Løpere som ikke går videre, rangeres etter tid brukt i prologen.

Premieutdeling blir tatt fortløpende på arena.

Nærmere om starttidspunkt for de ulike heat opplyses av speakertjenesten på arena. Vi oppfordrer lagledere og utøvere til å følge godt med.

Søndag - Liatoppstafetten. KM i stafett for klassene 13 – senior.

Start kl 1100 for lag i klassene 8-10 og 11-12 år.

KM starter kl 1200 for klassene 13- senior.

Det gås klassisk første etappe – så fristil andre og tredje etappe.

Løypelengder med mer finner du på invitasjonen som ligger på liatoppen.com og på forbundets sider.




Liatoppen skisenter arrangerer KM stafett for Buskerud sundag 14. mars

Postet av Liatoppen Skisenter den 3. Mar 2010

KM stafett for Buskerud skulle denne vinteren inngå i Ringkollstafetten i romjula. Denne stafetten vart avlyst pga. kulde. No har Liatoppen skisenter tatt på seg å arrangere Liatoppstafetten med innlagt KM stafett for Buskerud for klassane 13 år og eldre.

Liatoppstafetten er åpen for lag frå 8 år til senior.

Invitasjonen finn du her.

Påmelding gjer klubben gjennom Palisoft her.

Velkomen til ei flott skihelg på Ål!




KM Sprint og Bergsjørennet laurdag 13. mars

Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Feb 2010

Ål IL - langrenn arrangerer KM sprint på Liatoppen laurdag 13. mars. Rennet er også finale i sesongens SpareBank 1 Cup. Same dag går også det tradisjonsrike Bergsjørennet av stabelen med start på Bergsjøstølen og målgang på Liatoppen. Rennet er 32 km langt og har vanlege klassar for klassisk samt ei fristilklasse. 

Invitasjonen finn du her.

Påmelding KM Sprint

Påmelding Bergsjørennet

Vinn ein av desse årets Bergsjørenn? Her frå Gaurhovdrennet i 2006. Frå venstre: Kristen Aaby, Per Øyvind Mythe og Tore Bjerkreim




Neste renn på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 4. Feb 2010

er Showrennet/Gaurhovdrennet som Torpo IL arrangerer 21. februar.

Showrennet er eit renn for jenter og gutar i alderen 8-16 år med klassevise fellesstartar, korte rundar og innlagte spurtpremiar. I år går rennet i klassisk stil.

Gaurhovdrennet er eit tradisjonsrikt turrenn som i år blir arrangert for 39. gong. Løpet er 25 km langt og går i ei rundløype innover åsen frå Liatoppen. 

Påmelding Showrennet
Påmelding Gaurhovdrennet




Uoffisielle resultat Vital cup/Statkraft jr. cup

Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Jan 2010

Her blir uoffisielle resultat lagt ut fortløpande under konkurransane. Merk at listene ikkje viser evt. tillegg i tid for regelbrot.

 

Normalprogram 16. januar:     html        
Sprint 17. januar: html

Trykk F5 for oppdatering




Offisielle resultatlister Vital cup/Statkraft jr. cup 16.-17.01.10

Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Jan 2010

Normalprogram 16.01.10             html         pdf    
Sprint 17.01.10 html pdf



Samanlagtresultat Vital cup og Statkraft junior cup

Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Jan 2010

Her er samanlagtresultat etter laurdagens normalprogram:

Statkraft junior cup
Vital cup




Referat frå lagleiarmøtet 15.01.10

Postet av Liatoppen Skisenter den 15. Jan 2010

Referatet frå lagleiarmøtet finn du her: Referat lagleiarmøte 15.01.10



Viser værstasjonen korrekt temperatur?

Postet av Liatoppen Skisenter den 11. Jan 2010

Dette spørsmålet har skisenteret fått mange gonger i kuldeperioden me opplever no. Mange meiner at den viser ein temperatur som er nokre grader for høg.

Værtilhøva er spesielle om dagen med til dels store temperaturvariasjonar på korte avstandar. Værstasjonen er montert nokså høgt over bakken (ca. 5 m) og slik været er no, kan temperaturen vere høgare litt over bakken. I høve til temperaturmålarar på bilar og langs bakken har me erfart at det kan variere 2-4 grader. Det vil vere feil å kalibrere målaren etter det spesielle været me har for tida. Du som brukar bør leggje inn ein liten margin når du vurderer temperaturen.

Om målaren ikkje er heilt korrekt for tida, er det uansett mykje mildare i høgda enn nede i dalen, så ikkje la deg bli lurt av -25 grader nede i dalen. Oppe på åsen er det kjempeflott!

God tur!




Skivefordeling trening og innskyting

Postet av Liatoppen Skisenter den 11. Jan 2010

Skivefordeling for trening fredag og innskyting laurdag og sundag er klar.

Spørsmål om skivefordelinga kan rettast til Eilev Sørbøen: post@sorboen.no

Dokumentet har 6 ark: Skivefordeling




Testrenn på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 10. Jan 2010

Flotte forhold på Liatoppen i dag, sundag 10. januar. Mykje mindre kaldt enn nede i bygda. Skisenteret arrangerte testrenn før Vital cup/Statkraft jr. cup neste helg. Her er resultatlista:

Testrenn skiskyting 10.01.10




Startlister

Postet av Liatoppen Skisenter den 10. Jan 2010

Her er startlistene for Vital cup/Statkraft jr cup 16. og 17. januar:

Normalprogram 16. januar:     html        
Sprint 17. januar: html

Feil på startlistene kan meldast til Erling Hagen: erling_hag1@hotmail.com

Etterpåmelding?
Me har ein viss pågang med etterpåmelding til rennet. Det er lagt inn nokre ledige startnummer pr. klasse og desse blir fyllt opp etter kvart som me får påmeldingar. Utover dette kan me ikkje lova plass, men det er normalt strykningar inn mot konkurransedagen noko som kan gje opning for dei som har vore for sein med påmelding.




Distansar og løyper

Postet av Liatoppen Skisenter den 7. Jan 2010

Her er ein oversikt over distansar og løyper:

Normalprogram 16.01.10:

Klasse                        Distanse     Sløyfer                                 
Menn senior 20 km  5 x 4 km 
Menn 20-21 år 15 km  2,5 + 3,3 + 3,3 + 3,3 +2,5 
Menn 19 år 12,5 km 5 x 2,5 km
Menn 18 år     12,5 km 5 x 2,5 km         
Menn 17 år 12,5 km  5 x 2,5 km
Kvinner senior 15 km 2,5 + 3,3 + 3,3 + 3,3 + 2,5
Kvinner 20-21 år 12,5 km 5 x 2,5 km
Kvinner 19 år 10 km 5 x 2 km
Kvinner 18 år 10 km 5 x 2 km
Kvinner 17 år 10 km 5 x 2 km

Sprint 17.01.10:

Klasse                        Distanse     Sløyfer                                 
Menn senior 10 km  3 x 3,3 km 
Menn 20-21 år 10 km  3 x 3,3 km
Menn 19 år 7,5 km 3 x 2,5 km
Menn 18 år     7,5 km 3 x 2,5 km         
Menn 17 år 7,5 km  3 x 2,5 km
Kvinner senior 7,5 km 3 x 2,5 km
Kvinner 20-21 år 7,5 km 3 x 2,5 km
Kvinner 19 år 6 km 3 x 2 km
Kvinner 18 år 6 km 3 x 2 km
Kvinner 17 år 6 km 3 x 2 km




Program Vital cup/Statkraft jr. cup:

Postet av Liatoppen Skisenter den 6. Jan 2010

 


 

Program Statkraft Junior Cup og Vital Cup i skiskyting 16.-17. januar 2010

 

Revidert program med oppsett over når dei forskjellige klassane skal ha innskyting og starttidspunkt

 

Fredag 15. januar, offisiell trening

Kl. 09.30

Rennkontor på stadion er åpent.

Kl. 10.00 – 12.30

Offisiell trening

M17, M18, M19,  K 20 - 21

Kl. 13.00 – 15.00

Offisiell trening

K17, K18, K19, M sen, M 20-21, K sen.

Kl. 15.00

Lagledermøte i varmestugu på Liatoppen Skisenter

Oppfordrer utøverene og legge treninga til dei oppsette tidene.

 

Ved trening skal ALLE løpere ha startnummer. Dette får dere ved å henvende dere til tilvist plass før standplass. Etter trening skal startnummer leveres tilbake, personlig kvittere og få visitert våpen. Brudd på reglene gir en straff på 2 minutt i tillegg i førstkommende renn.

 

Lørdag 16. januar, normalprogram

Kl. 08.15

Rennkontor åpner på stadion

Kl. 08.30 – 09.45

Innskyting

M17, M18, M19,  K 20 - 21

Kl. 10.00

Start normal 30s startint.

M17, M18, M19,  K 20 - 21

Kl. 12.45 – 13.35

Innskyting

K17, K18, K19, M sen, M 20-21, K sen

Kl. 13.50

Start normal 30s startint.

K17, K18, K19, M sen, M 20-21, K sen

 

Premiering fortløpende rett etter protestfristen har gått ut på stadion

 

Søndag 17. januar, sprint

Kl. 08.30

Rennkontor åpner på stadion

Kl. 08.45 – 09.45

Innskyting

K17, K18, K19, M sen, M 20-21, K sen 

Kl. 10.00

Start sprint. 20s startint.

K17, K18, K19, M sen, M 20-21, K sen 

Kl. 11.40 – 12.45

Innskyting

M17, M18, M19,  K 20 - 21 

Kl. 13.00

Start sprint. 20s startint

M17, M18, M19,  K 20 - 21 

 

Premiering fortløpende rett etter protestfristen har gått ut på stadion.

 

Generell informasjon:

Spørsmål om arrangementet kan rettes til rennleder Eivind Torsethaugen på mobil 99 21 26 92 eller på e-post eto@hallingdal-kraftnett.no

 




Værstasjonen er ute av drift inntil vidare

Postet av Liatoppen Skisenter den 6. Jan 2010

Me har fått eit problem med værstasjonen. Den får ikkje distribuert værdata til våre nettsider og dei blir difor ikkje oppdatert. Me håpar å løyse problemet med det første.