Vêrstasjonen er i drift etter lengre driftsstopp

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Feb 2025

Vêrstasjonen på Liatoppen har vore i drift sidan 2008. Dessverre har me hatt ein driftsstopp sidan august i fjor. No er det gjort nødvendige endringar i driftsmiljøet og stasjonen leverer på nytt kontinuerleg vêrdata frå skistadion. Trykk på logo under toppmenyen eller velg menypunktet "Før skituren" i menyen. Då får ein opp mobilversjonen av vêrstasjonen. Me testar også ut eit alternativt display som er meir høveleg til pc og nettbrett. Lenke til begge visningsvariantane her: 

Vêrstasjon - mobil

Vêrstasjon - pc og nettbrett

Når ein er inne på vêrstasjonen med mobiltelefonen kan ein ide vere å legge den til på "Hjem-skjerm". Då vil den framstå som ein app ein lett kan nå.
 

God tur!




Alt klart for den 35. sesongavslutninga på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 11. Apr 2024

Ål skiskytterlag arrangerer helga 12.-14. april Liatoppen skiskytterfestival for aldersklassane 16 år og yngre. 

Det blir tre dagar med spanande konkurransar. Arrangementet startar på fredag med stafettar og held fram med sprint laurdag og blir avslutta med fellesstartar på sundag. Fredag er det i tillegg opningsshow i Hallingdal Feriepark og laurdag er det premieshow i Ål kulturhus. Alt om arrangementet finn du her

Arrangørstaben har rigga arenaen dei siste dagane og alt er no klart for å ta imot nærare 1000 unge skiskyttarar frå til saman 9 nasjonar. 




Støtte til kamera og utstyr fra Sparebankstiftelsen Hallingdal

Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Mar 2024

Liatoppen skisenter har fått 20 000 kr til kamera og utstyr til bruk på standplass fra Sparebankstiftelsen Hallingdal. Vi takker så mye for støtten!







Ribberennet 28. desember

Postet av Liatoppen Skisenter den 3. Jan 2024

Torpo IL arrangerte 28. desember Ribberennet i fristil på Liatoppen. Rennet var for alle klassar frå 8 år til senior og hadde som tidlegare år ei innlagt "puddingklasse". Denne gongen gjekk rennet i realt vinterføre og 221 deltakarar stilte til start. Marte Mikkelsplass, Bromma IL var raskaste kvinne på 10-kilometeren, medan Aleksander Elde Holmboe, Bærums Verk var raskaste mann på same distanse. 

I puddingklassa stilte også kjente skinamn på start der vinnarane vart Ine Wigernes, Øystre Slidre IL og evigunge Tore Bjerkrheim, Nesbyen IL. Distansen her var 5 kilometer. 

Resultatliste Ribberennet 2023




Sparebankstiftelsen Hallingdal med 350.000 kroner til nye lysmaster på stadion og nytt lys i lysløypa

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Nov 2022

Lampene i lysløypa har vore i bruk sidan lysløypa vart bygd for over 30 år sidan. Desse har gjort ei god teneste i mange år, men teknologien har gått vidare og moderne lamper er meir energieffektive og gir samstundes eit mykje betre lys. På stadion har det vore ei utfordring å arrangere kveldsrenn då lystilhøva ikkje har vore dei beste. Dette er det no retta etter at Sparebankstiftelsen Hallingdal har gitt Liatoppen skisenter ei gåve på kr 350.000 til nye lysmaster på stadion og nytt lys i lysløypa.

Utstyret er no montert og vil gi både brukarar og arrangørar betre lys på kveldstid. Stor takk til Sparebankstiftelsen Hallingdal for gåva!