Skiforholda på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Des 2025

Det er ikkje mykje snø på Liatoppen, men forholda er svært gode. I konkurranseløypene er det så bra at de kan ta fram godskia. Etter nokre dagar med mildvêr har vi fått ein solid såle, og på toppen ligg det eit lite lag med nysnø. No melder varselet kaldt vêr gjennom heile dei neste ti dagane, og dersom det slår til, blir det strålande forhold under Ribberennet.

Bilete under er teke 20. desember 2025




Ribberennet 2025 (oppdatert 28.12.2025 10:30)

Postet av Liatoppen Skisenter den 15. Nov 2025

Velkomen til Ribberennet 28.12.2025 KL 12:00

Det er lite snø, men fine forhold i løypa. Tråkkemaskina vil frese løypa forsiktig i kveld, og det blir satt spor på høyre side gjennom hele løypa. 

Sjekk løypetraseen her

Startliste (opdatert 27.12.2025 18:40): 

Pdf: Startliste v4
Live: NSF Timing Ribberennet Ål
Resultatliste: Resultatliste offisiell

Stilart:              Friteknikk

Klassar:            Frå 8 år til Senior og Mosjonist

Stad:                Liatoppen Skisenter, Liatoppen 53, 3570 ÅL

Parkering:         75 kr., Vipps #127199

Påmelding:  Online på isonen.no innan 26.12.2025 kl. 23:59

Startkontingent: 8-16 år 130 kr./junior 150 kr./senior 170 kr.

Ansvarleg påmelding e-post: kivestli@gmail.com   

Etteranmelding: Fram til kl. 10:30 same dag (dobbel startkontigent) Vipps #127199

Les invitasjon for meir informasjon

Invitasjon ribberenn 2025

iSonen påmelding



2 Kommentarer

Det 50. Gaurhovdrennet vart arrangert 25. februar med start og mål på Øknin

Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Feb 2024

Gaurhovdrennet har sidan 80-talet hatt Liatoppen som start og målområde. I fjor vart rennet arrangert med start frå Øknin og gjekk forbi Gaurhovd som har gitt namn til rennet. Torpo IL synes flyttinga var såpass vellukka at dei i år klemmer til med skikkeleg jubileumsrenn med start og mål på Torpoåsen. Arrangøren lovar premiar til alle.



Her er resultatliste frå det 50. Gaurhovdrennet:        pdf 





Ribberennet 28. desember 2022 m/resultatliste

Postet av Liatoppen Skisenter den 5. Des 2022

Torpo IL inviterer til det tradisjonsrike Ribberennet på Liatoppen i romjula. Rennet blir arrangert 28. desember med klassar frå og med 8 år og opp til senior, samt mosjonsklasse. Rennet går i fristil.

Resultatliste: Resultatliste Ribberennet 2022





Asko cup på Liatoppen 6.-8. januar 2023

Postet av Liatoppen Skisenter den 19. Nov 2022



Ål skiskytterlag arrangerte Asko cup i skiskyting på Liatoppen første helga i januar. Dette var sesongens tredje renn i norgescupen for senior, det andre for junior og det første rennet for ungdomsklassane. På programmet sto sprint og fellesstartar. Dette var ei helg der skiskytternorge var samla på Liatoppen til spennande konkurranser og tette duellar. Ca 400 deltakarar stilte til start. 

Arrangementet hadde også eigen nettside: 

ASKO cup Liatoppen 2023


Resultatlister:

ASKO cup 7.1.23

ASKO cup 8.1.23