Ribberennet 2009
Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Des 2009
Det tradisjonelle Ribberennet vart arrangert på Liatoppen av Torpo IL den 27. desember. 255 deltakarar stilte til start i rennet som gjekk i realt vintervær. Rikeleg med kuldegrader og nysnø sørgde for eit relativt trått og tungt føre som ga større tidsskilnader enn normalt er. Dagens raskaste kvinne var Celine Brun-Lie frå Njård og raskaste mann Per Kristian Nygård frå Vestre Spone.
Overnatting Vital cup/Statkraft cup
Postet av Liatoppen Skisenter den 2. Des 2009
Actif Hotell |
Bergsjøstølen |
![]() | Best Western Eidsgaard Hotell - Gol |
![]() | Liatoppen fjellstove |
![]() | Pers Resort - Gol |
Rødungstøl Høyfjellshotell Rødungstøl - hotellet i Bergsjøområdet. Tlf 32 08 46 22 |
Thon Hotell Hallingdal |
Torpomoen |
Vital cup/Statkraft jr. cup 16. og 17. januar
Postet av Liatoppen Skisenter den 13. Okt 2009
Ål skiskytterlag og Liatoppen skisenter er arrangør av Vital cup 3/Statkraft cup 16. og 17. januar 2010. Distansar er normal og sprint.
Ål skiskytterlag/Liatoppen skisenter har god erfaring som arrangør. I 2001 vart senior-NM arrangert i anlegget. I 2008 gjekk NM junior av stabelen her. I tillegg arrangerer Ål skiskytterlag kvart år i april verdas største skiskytterrenn, Bendit Liatoppen skiskytterfestival, som i 2009 hadde 960 deltakarar.
Bruk venstremenyen (Vital/Statkraft cup) for å koma til informasjonssidene til arrangementet.
Referat frå lagleiarmøtet fredag 15. januar: Referat lagleiarmøte 15.01.10
Skisesongen er i gang på Liatoppen
Postet av Liatoppen Skisenter den 7. Okt 2009
Resultat Bendit Liatoppen skiskytterfestival 2009
Postet av Liatoppen Skisenter den 26. Apr 2009
Odlostafetten fredag 17. april: | html | pdf-format |
Fellesstart junior fredag 17. april: | html | pdf-format |
Bendit laurdag 18. april: | pdf-format | |
Bendit søndag 19. april | html | pdf-format |
NB!
Listene i html-format inneheld ikkje markering for tillegg i tid for regelbrot.
Verdas største skiskyttarrenn blir endå større
Postet av Liatoppen Skisenter den 14. Apr 2009
Nokre timar før påmeldingsfristen går ut er det klart at det blir sett ny deltakarrekord. På fredag er 175 lag påmeldt til Odlo-stafetten. I tillegg går 50 17-åringar fellesstart.
Til laurdagens sprintrenn nærmar deltakartalet seg 970 noko som er ein auke frå 909 i fjor. Sundagen har også over 900 deltakarar der 13-16 åringane går fellesstart, medan 12 år og yngre går enkeltstart.
Været har ikkje vore på arrangørens side dei siste vekene. Mildt vårvær utan nattefrost har tæra hardt på snøen, men 3 dagar før er alt under kontroll. Både standplass, stadion og delar av løypa får tilført meir snø dei næraste dagane, samt at det blir vurdert salting i løypene for å få fastare underlag.
Vel møtt til årets skiskyttarfest!
Klubbmesterskap i skiskyting
Postet av Liatoppen Skisenter den 31. Mar 2009
Tysdag 31. mars arrangerte Ål skiskyttarlag klubbmesterskap i skiskyting på Liatoppen. I fint vårvær stilte 39 deltakarar til start. Mesterskapet vart avvikla med normalprogram med tillegg på 15-45 sek. pr. bom.
Her er resultatlista: Klubbmesterskap Ål ssl 2009
Klubbmesterskap Ål IL
Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Mar 2009
Her er resultatlista: Klubbmesterskap Ål IL 2009
Bergsjørennet 2009
Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Feb 2009
Laurdag 14. mars arrangerte Ål idrettslag, langrennsgruppa det tradisjonsrike turrennet frå Bergsjøstølen til Liatoppen. Rennet er 32 km langt og går i flott fjellterreng. Vær og føre var førsteklasses og dei ca. 100 deltakarne fekk ein flott tur. Raskaste løper i klassisk stil vart Pål Golberg frå Gol og raskaste fristil-løper vart Per Øyvind Mythe frå Hemsedal.
Her er resultatlista: Bergsjørennet 2009
Showrennet/Gaurhovdrennet 2009
Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Feb 2009
Torpo IL arrangerte 22. februar det 38. Gaurhovdrennet med start og mål på Liatoppen. Dette tradisjonsrike arrangementet starta som eit renn frå Leveld til Gol, men fekk for vel 20 år sidan Liatoppen som utgangspunkt for ei rundløype. Av dei 40 som stilte til start vart Tore Bjerkreim raskaste herre og Live Båsen raskaste dame.
Samstundes med turrennet gjekk Showrennet for aldersgruppa 8-16 år med klassevise fellesstartar. Her stilte 72 løparar til start.
Komplett resultatliste finn du her: Showrennet/Gaurhovdrennet 2009
Webkamera og værstasjon
Postet av Liatoppen Skisenter den 10. Jan 2009
God tur!
SpareBank 1-cup skiskyting 8. februar
Postet av Liatoppen Skisenter den 10. Jan 2009
SpareBank 1-cup i skiskyting vart arrangert på Liatoppen sundag 8. februar. Rennet var også KM sprint for Buskerud for klassane 13 år og eldre.
Her er komplett resultatliste: SpareBank 1 Cup skiskyting