Ny rulleskiløype snart klar på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Sep 2017


Det har dei siste vekene vore høg aktivitet på Liatoppen med maskinentreprenør Oddvar Øygard AS i full sving på dagtid og dugnad utført av eigarlaga på kveldstid. I løpet av relativt kort tid vil ny rulleskiløype stå klar til bruk og med det blir bruken av skisenteret i sommarhalvåret utvida.

Mykje av grunnarbeidet vart gjort i fjor, men også i år er det gjort ei vesentleg oppgradering av skisenteret. I tillegg til arbeid med rulleskiløypa er det er laga ny inngang til standplass for å ta ned farten inn til skyting. Det er også laga ei ny, kort løype rundt heile skytebanen. På standplass er det bygd opp ny trener/publikumstribune som er ca. 50 cm høgare enn standplass. I bakkant av denne er det laga ein steinmur. Mykje masse er flytta på for å bygge muren og tribuna.

Det tekniske anlegget er også oppgradert gjennom framføring av fiberkabel til anlegget samt ny straumforsyning. Med dette vil lyd og bildeproduksjonar under arrangement bli både enklare og sikrare. Eit viktig arbeid for å kunne gjennomføre arrangement med høg kvalitet i framtida.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.