Vanskeleg snøtilhøve i fjellet - løyper som ikkje blir preparert

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Mar 2016

Siste veka før påske har vore usedvanleg varm, spesielt i høgfjellet. Dette har ført til stor snøsmelting og bekkar/elvar som har gått opp. Løypeprepareringa blir også påverka av det dette. Pr i dag (fredag 18. mars) er det ikkje nok snø til å preparere fjelløypa frå Kråkhamar til Hellebu. Løypa frå Fekjastølen til Hellebu er heller ikkje mogeleg å preparere då elva Lya har gått opp. Også løypa frå Hellebu mot Grytingen er ikkje preparert etter at løypemaskina køyrde seg fast i ein bekk i nærleiken av Vealia i går.

Me håpar på kaldare ver framover slik at den blaute snøen kan fryse til og gje eit betre underlag i skiløypene.

God påske!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.