Kategori
Arkiv
Ribberennet 2017
Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Des 2017
Torpo IL arrangererte Ribberennet på Liatoppen 4. juledag. Arrangøren kunne by på flotte forhold og fint vinterver då 314 deltakarar i alle aldersgrupper stilte til start i fristilrennet. Den "nye" 5-kilometeren vart brukt for første gong i renn og var nok ei spanande oppleving for dei som ikkje hadde testa den tidlegare. Her finn ein utforkøyringar der farten blir enorm og sugande stigningar som krev godt O2-opptak.
Dagens raskaste i kvinneklassen vart Karoline Simpson-Larsen, Vargar IL/Team Veidekke Vest og Sigurd Hagen Rønning, Vikersund IF tett følgd av junioren Filip Fjeld Andersen, Geilo IL som berre var 10 sekund bak på 10-kilometeren. I kvinneklassen for junior utmerka 17-åringen Marie Helene Fossesholm, Eiker SK seg med ei svært god tid på 5-kilometeren.
Resultatliste:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.