Årets gave til deg eller di bedrift - kjøp din eigen lysstolpe på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Des 2021

Lysløypa på Liatoppen Skisenter blir oppgradert med nye miljøvenlege ledpærer/armatur. Pærene var gamle og lyste på langt nær slik som moderne led-pærer gjer. Det blir no gjort oppgraderingar på Liatoppen for ca. ein million kroner. Me har brukt sommaren og hausten på å skifte ut 150 armatur. Resten blir tatt i 2022. 

For å finansiere delar av dette håpar me at du eller di bedrift vil bidra med å kjøpe din eigen lysstolpe. Brukar du lysløypa? Me håpar både innbyggjarar og hytteeigarar «kjøper ein lysstolpe» for å bidra til ei betre oppleving på Liatoppen. Alle stolpane blir merka med eit nummer. Den som kjøper ein stolpe får skilt med namnet sitt på stolpen. Skiltet blir hengande i 5 år. 


Prisane er:

Privatperson:kr 2.500
Bedrift: kr 5.000

Framgangsmåte for å kjøpe stolpe:

  1. Alle stolpane er merka med eit nummer
  2. Finn din utvalde stolpe og noter nummeret.
  3. Send stolpenummer og namn til: post@aalil.no


Sjå omtale i Hallingdølen 16.12.21:

Oppgraderer for fleire millionar (hallingdolen.no)


   




0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline