Ribberennet 2011

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Des 2011

Værgudane prøvde alt dei kunne, men klarte ikkje å stoppe det tradisjonsrike og populære Ribberennet på Liatoppen 4. dag jul. Arrangøren, Torpo IL, fekk ei utfordring etter stormen Dagmar sine herjingar juledagane. Løypetraseen var full av rusk og kvist, samt fleire våte parti. Stor dugnadsinnsats gjorde at løypene framsto i bra stand renndagen.

På startstreken stilte 223 deltakarar klare til å få av seg litt av juleribba. Ingen såg ut til å vere synleg hemma av julehelga og alle leverte gode prestasjonar. På førehand lag det an til ein duell mellom dei raskaste skiløparane i Hallingdal for tida, Pål Golberg frå Gol og Vetle Sjåstad Christiansen frå Geilo. Då Pål mangla på start, vart det Vetle som var raskaste herreløper. Av damene var Mari Eide, Øystre Slidre IL den raskaste. Ho gjennomførte eit solid løp på sin 10 km.

Vetle Sjåstad Christiansen, Geilo IL (til venstre) og Håvar Sørbøen, Ål IL (til høgre) i fint driv.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her er resultat frå Ribberennet 2011: pdf


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.