Verdas største skiskyttarrenn blir endå større

Postet av Liatoppen Skisenter den 14. Apr 2009

Komande helg er det klart for Bendit Liatoppen skiskytterfestival på Liatoppen. Ål skiskytterlag står som arrangør med god hjelp frå alle eigarlaga i skisenteret. Rennet får rekordmange deltakarar.

Nokre timar før påmeldingsfristen går ut er det klart at det blir sett ny deltakarrekord. På fredag er 175 lag påmeldt til Odlo-stafetten. I tillegg går 50 17-åringar fellesstart.

Til laurdagens sprintrenn nærmar deltakartalet seg 970 noko som er ein auke frå 909 i fjor. Sundagen har også over 900 deltakarar der 13-16 åringane går fellesstart, medan 12 år og yngre går enkeltstart.

Været har ikkje vore på arrangørens side dei siste vekene. Mildt vårvær utan nattefrost har tæra hardt på snøen, men 3 dagar før er alt under kontroll. Både standplass, stadion og delar av løypa får tilført meir snø dei næraste dagane, samt at det blir vurdert salting i løypene for å få fastare underlag.

Vel møtt til årets skiskyttarfest!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline