NM i gang

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Feb 2008

Presis kl 10.16 gjekk Erik Frøseth Solheim (19) frå Asker ut på sin 12,5 km og med det er årets junior-NM i gang. Han er den første av 370 startande i dagens konkurranser.

Erik Frøseth Solheim var førstemann ut på Liatoppen.

Tilhøva for dagens konkurranse skal vere dei beste. Det er sol, -2 grader og lett bris på Liatoppen. Det skulle tilseie jamne forhold for alle deltakarar om ikkje vinden aukar utover dagen.

Sikkerheiten er i fokus under NM og løparane må gjennom fleire våpenkontrollar før start.

Marius Førsund, Fossum får våpenet kontrollert av Nils Arne Helling


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.