Bendit Liatoppen Skiskytterfestival 2007

Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Apr 2007

Vergudane viste seg frå si beste side under Bendit Liatoppen Skiskytterfestival i helga. Ål skiskyttarlag gjennomførte arrangementet på ein slik måte at mange ønskjer seg nok attende neste år.

Det er flott å arrangere skirenn i sommartemperatur. Både løparar, foreldre, leiarar og arrangørar stråla om kapp med sola alle dagane. Fredag fekk me mange fine duellar i stafettane. Litt problem med dataanlegget (ikkje utan grunn sidan det var fredag 13.) gjorde at resultatlistene kom seint, men deltakarane venta tålmodig. Laurdag gjekk etterkvart det meste på skinner frå arrangøren si side, og sundag vart eit fint punktum for årets arrangement.

Resultat frå arrangementet finn du her:

Gilde-stafetten 13.04.07
Bendit Liatoppen Skiskytterfestival 14.04.07
Bendit Liatoppen Skiskytterfestival 15.04.07 - sprint
Bendit Liatoppen Skiskytterfestival 15.04.07 - jaktstart

Liatoppen skisenter ønskjer alle deltakarar velkomen attende neste år!

Folksomt på standplass under innskyting

 

 

 

 

 

 

 

 

Vinnar av klasse gutar 12 år sundag - Lars Aa Svaland, Birkenes IL

 

 

 

 

 

 

 

 

Full innsats mot mål! Sivert Fenne, Voss SSL og Torjus Erlendsson Urke, Ål SSL

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det gjekk med tre tonn med frukt frå Bama i løpet av helga

 

 

 

 

 

 

 

 

På startstreken under sundagens jaktstart

 

 

 

 

 

 

 

 

To godt nøgde karar sundag ettermiddag. Til venstre løypesjef og leiar i Liatoppen skisenter Kåre Hagen og rennleiar Arnstein Sørbøen


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.