Tredobbel rennhelg på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 7. Mar 2007

Fredag kveld arrangerer Torpo IL sitt showrenn med fellesstartar og korte rundar. Laurdag arrangerer Ål IL Bergsjørennet som startar på Bergsjøstølen og har mål på Liatoppen. Ein flott tur i skikkeleg fjellterreng. Søndag blir helga avslutta med vanleg langrenn på Liatoppen. Arrangør er ÅL IL også denne dagen. Her er innbydinga til alle arrangement denne helga: Invitasjon skihelg 2007. Her ligg Startlister Ålrennet

Laurdag 10.03.07 måtte vi dessverre avlyse Bergsjørennet. Det vart for dårleg vær.

Bergsjørennet , laurdag 10.mars 2007.

Verutsiktene for Bergsjørennet er ikkje dei beste. Det er meldt vind opp mot kuling styrke på laurdag.

Rennet blir ikkje avlyst, men om veret gjer det uforsvarleg å starte frå Bergsjøstølen, vil start og innkomst bli på Liatoppen skisenter

Me vil også gjere merksam på det som står i innbydinga om klassesamanslåing:

Dersom ei klasse har 3 eller færre deltakarar, vil me slå saman 5-års klassar til 10-årsklassar (ref.skiforbundet sin regel 381.7.2.3).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.