Rulleskiløypa offisielt opna

Postet av Liatoppen Skisenter den 15. Jun 2018

Foto: Erlend Hagen

Måndag 4. juni var det offisiell opning av den nye rulleskiløypa på Liatoppen. Nærare 100 personer hadde møtt opp for å være med på opninga. Styreleiar for skisenteret, Svein Furuhaug, ønskte velkomen og orienterte dei frammøtte om prosjektet.

Ordfører Solveig Vestenfor klypte snora for rulleskiløypa og ønskte Liatoppen Skisenter og eierlaga lykke til med ei trafikksikker treningsløype for alle som vil gå på rulleski og slapp med det ivrige utøvarar og mosjonistar ut i løypa.  

Løypa har kosta litt over kr 2,8 mill. å bygge noko som er under kostnadsoverslaget. Liatoppen skisenter er svært takknemleg for at Sparebankstiftelsen Hallingdal, Ål kommune, tippemidlar og Skiskytterforbundet/Skiforbundet har vore med å finansiere løypa.

Kåre Hagen har vore skisenteret sin mann under bygginga. Skisenteret er med rulleskiløypa blitt eit meir komplett anlegg for både sommar- og vinterbruk.


Svein Furuhaug ønskte velkomen og orienterte om prosjektet.

Ordførar Solveig Vestenfor sto for den offisielle opninga.

Ordførar og prosjektleiar omkransa av representant frå SpareBank 1 Hallingdal Valdres (Espen Karlsen) og entreprenør Oddvar Øygard AS (Ole Bjørn Øygard)

Så var det klart for prøving.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.