NM-stafettar i strålande vinterver
Postet av Liatoppen Skisenter den 2. Mar 2008
Me har kome fram til siste konkurransedag under årets junior-NM på Liatoppen. Veret er strålande med sol får nesten skyfri himmel, vindstille og eit par minusgrader. På programmet står tre stafettar, 2 for menn og 1 for damer.
![]() |
Stafettstart M17-21 år |
Menn 17-19 år
Oslo og Akershus sitt førstelag tok ei klar gullmedalje på dagens første stafett. Hedmark spurtslo Troms i kampen om sølvet. Buskerud vart nr. 4.
![]() |
Gullkvartetten frå Oslo og Akershus: Frå venstre Eirik Frøseth Solheim, Marius Førsund, Vetle Ruud Bråten og Eirik Bratli. |
Menn 17-21 år
Ny suveren seier til Oslo og Akershus. Sølvmedalje gjekk til Sør-Trøndelag med Hedmark på bronseplass.
![]() |
Gullkvartetten: Frå venstre Magnus L'Abèe-Lund, Fredrik Raffelsen Hope, Christian Sæten og Arild Askestad. |
Kvinner 17-21 år
Favorittseier til laget frå Nord-Trøndelag.
![]() |
Gulljenter frå Nord-Trøndelag: Frå venstre Ada Ringen, Elise Jørstad Sandvik og Elise Ringen. |
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Liatoppen Skisenter
Ribberennet 28. desember
03.01.2024

Gaurhovdrennet 26. februar
14.02.2023