Årets gave til deg eller di bedrift - kjøp din eigen lysstolpe på Liatoppen
Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Des 2021
Lysløypa på Liatoppen Skisenter blir oppgradert med nye miljøvenlege ledpærer/armatur. Pærene var gamle og lyste på langt nær slik som moderne led-pærer gjer. Det blir no gjort oppgraderingar på Liatoppen for ca. ein million kroner. Me har brukt sommaren og hausten på å skifte ut 150 armatur. Resten blir tatt i 2022.
For å finansiere delar av dette håpar me at du eller di bedrift vil bidra med å kjøpe din eigen lysstolpe. Brukar du lysløypa? Me håpar både innbyggjarar og hytteeigarar «kjøper ein lysstolpe» for å bidra til ei betre oppleving på Liatoppen. Alle stolpane blir merka med eit nummer. Den som kjøper ein stolpe får skilt med namnet sitt på stolpen. Skiltet blir hengande i 5 år.
Prisane er:
Privatperson: | kr 2.500 |
Bedrift: | kr 5.000 |
Framgangsmåte for å kjøpe stolpe:
- Alle stolpane er merka med eit nummer
- Finn din utvalde stolpe og noter nummeret.
- Send stolpenummer og namn til: post@aalil.no
Sjå omtale i Hallingdølen 16.12.21:
Oppgraderer for fleire millionar (hallingdolen.no)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Liatoppen Skisenter
Ribberennet 28. desember
03.01.2024

Gaurhovdrennet 26. februar
14.02.2023