Gaurhovdrennet/Showrennet 2017
Postet av Liatoppen Skisenter den 26. Feb 2017
Ein fantastisk skidag i strålande februarsol vart årets Gaurhovdrenn og Showrenn på Liatoppen. Gaurhovdrennet vart arrangert for 45. gong sidan oppstarten i 1971. Dei første åra gjekk rennet frå Leveld til Gol. Eivind Torsethaugen har delteke alle gongene rennet er arrangert, imponerande.
Rennet var i år vunne av Emil Intelhus Brøto, Gol IL/NTG som hadde følgje heilt til målstreken av Andreas Kirkeng, IL ROS og klubbkamerat Knut Skrindo, Gol IL.
Raskaste dame i rennet var Tuva Skarra, Konnerud IL.
Medan dei eldste tok runden inn i fjellet rundt Kinnhovda gjekk dei yngste Showrennet med fellesstartar og korte rundar.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Liatoppen Skisenter
Støtte til kamera og utstyr
29.03.2024
Ribberennet 28. desember
03.01.2024
Gaurhovdrennet 26. februar
14.02.2023