Neste renn på Liatoppen: Bergsjørennet 25. mars
Postet av Liatoppen Skisenter den 27. Feb 2012
Den siste sundagen i mars arrangerer Ål IL det tradisjonsrike Bergsjørennet som startar på Bergsjøstølen og har målgang på Liatoppen. Turrennet er 32 km langt og har klassar for både klassisk (vanlege aldersklassar) og fristil (ei klasse). I tillegg er det trimklasse for dei som ønskjer å bruke litt tid på denne flotte turen i noko av det beste fjellterrenget i kommunen.
Det er busstransport frå Liatoppen til Bergsjøstølen på morgonen. Nytt høvet til å bli frakta opp til start for så å kunne nyte turen på ski attende til Liatoppen.
Pga. snømangel i fjellet blir løypetraseen lagt om. Start og mål blir på Liatoppen. Rennet vil gå i fjorårets Gaurhovdrenntrase og blir på 25 km.
Påmelding ved start eller til helge@hallingbio.no
Starten blir framskunda til kl 11.00. Trimklasse startar frå kl.10.00.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Liatoppen Skisenter
Ribberennet 28. desember
03.01.2024

Gaurhovdrennet 26. februar
14.02.2023